Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Outlook har vore ustabilt heile veka. No håpar IT-avdelinga at dei har funne løysinga.
Heile denne veka har mange ved UiB opplevd at e-postprogrammet Outlook har vore ustabilt. – Etter at vi på søndag jobba med å oppdatere ein del system og flytte på ting, opplevde vi at exchange-servaren, som driv outlook, blei ustabil, fortalde sjefingeniør Jan Johnsen til På Høyden tidlegare i veka. Arbeidet blir gjort i forkant av ein stor test av datatryggleiken på UiB, som skal gjennomførast 15. juni. IT-avdelinga har rigga til eit nytt server-rom i Realfagbygget, som skal kunne ta over trafikken dersom serverane i Nygårdsgaten blir skadd. Etter arbeidet søndag har kring halvparten av brukarane tidvis falt ut frå outlook. Neste steg: Microsoft – I dag har me hatt ein person frå eit eksternt firma her. Han har gått gjennom oppsettet vårt og funne nokre småting som me har retta opp i. I tillegg har me kjørt ein full omstart, seier Johansen til På Høyden fredag. Håpet er at systemet held seg oppe. Dersom det ikkje gjer det, er neste steg å ta kontakt med Microsoft og få hjelp direkte frå dei. – Me sit på nåler her no, seier Johansen. Ingen lysande lampar – Me fann det me trudde var feilen, og det fungerte nokre timar. Førebels ser det bra ut etter dagens oppdatering, seier Johansen. Sjefsingeniøren seier at hovudproblemet har vore at e-postproblema ikkje har gitt noko skikkeleg feilmelding. – Det har ikkje vore nokre lysande raude lampar, for å seia det slik. Difor er det ikkje lett å seia kva det er som er gale. Sjølv om e-postprogrammet ikkje har fungert, har dei fleste fått e-post via webmail, mobil eller nettbrett. Test neste helg - Det har skjedd to ganger at vi har hatt vasslekkasje i bygget, utan at det har fått avorlege konsekvensar for drifta, seier Johnsen. Men laurdag om halvannan veke skal det heile altså prøvast ut ved at serverane i Nygårdsgaten blir slått av. I ein slik situasjon vil berre nokre prioriterte tenester virke. Epost er ein av dei.
Då På Høyden snakka med Johnsen onsdag, sa han at IT-avdelinga trudde dei hadde løyst feilen. Men det viste seg at problema ikkje var heilt avslutta.
Problemet har vore det same heile veka: brukarane misser kontakt med servaren, og opplever at systemet jobbar sakte.
Arbeidet med eit alternativt IT-miljø ein annan stad enn i Nygårdsgaten har vore planlagd lenge, og er klart til fullskala test om ti dagar. Bakgrunnen er frykta for at noko kan skje med serverane: Brann, varme eller vasskade.