Sjekk eigne boklån

Publisert

No kan du sjølv sjekke kva du har lånt på UB, og kva for bøker du har bestilt eller reservert.

Tenesta heiter «Mitt BIBSYS» og er tilgjengeleg for alle som brukar universitetsbiblioteket.

Gå inn på http://www.bibsys.no/om/mittbibsys.htm
Du får sjå utlånsdato og forfallsdato, og når du har reservert eller bestilt ei bok. Alt du treng, er ditt vanlege lånenummer og eit passord. Dette vil du få tilsendt.

Du har også høve til å bestille inntil fem faste emnesøk i Bibsys. Ein gong i veka får du beskjed på e-post om kva som er kjøpt inn eller bestilt av relevant litteratur innanfor det valde emnet, ved UBB og ved andre bibliotek.

Powered by Labrador CMS