Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Sjukefråveret ved UiB var i 2003 på 4,16 prosent, det er om lag det halve av kva som er vanleg elles i det norske samfunnet.
- Det låge talet kan tyde på underrapportering, men det kan også tyde at sjukefråveret reelt sett ligg lågare, seier assisterande personaldirektør Eli Glambek til På Høyden. Glambek meiner likevel at tala tyder på at UiB fungerer rimeleg godt som institusjon I ein rapport om lagtidssjukemeldte ved UiB, som nyleg var ferdigstilt kjem det fram at 70 prosent er nøgde med oppfølgjinga dei får medan dei er sjukemelde, medan 30 prosent er mindre nøgde.
Truleg skuldast den låge prosentandelen ein kombinasjon av desse faktorane, meiner Glambek. Likevel, ein liten auke har det vore i sjukefraværet sidan i fjor, men den er marginal, ifølgje Glambek. Talet på UiB-tilsette som har gått over i uførepensjon har også auka noko. Som i 2002 er det også i 2003 større fråver blant kvinner enn menn.
Ho oppmodar arbeidstakarar og arbeidsgjevarar ved UiB til vere svært medvitne om å rapportere sjukefråver.
- For at vi som arbeidsgjevar skal kunne følgje best mogleg opp er det viktig at vi veit om folk er borte på grunn av sjukdom eller andre årsaker. Eg tenker her særskilt på dei vitskapleg tilsette som har ein fleksibel arbeidssituasjon. Her veit vi at det er ein del underrapportering av sjukdom – og det er viktig at denne gruppa – i alle kategoriar vitskapleg tilsette rapporterer.
- Leiarar må engasjere seg i arbeidsmiljøet
- Generelt trur eg vi har ein ganske høg grad av trivsel, men vi har også våre utfordringar og problem. Mange opplever at presset har auka dei siste åra, dette gjeld heile samfunnet, også UiB. Ikkje minst har det vore krevjande med dei store omleggingane Kvalitetsreforma har ført med seg. Denne reforma representerer særskilt store utfordringar i høve til vitskapleg tilsette. Då blir det viktigare enn nokon gong med leiarar som har interesse for arbeidsmiljøet, seier Glambek. Ho meiner også at det skal bli spennande å hauste erfaringar frå instituttleiarreforma ved Mat.nat.
- Eg er spent på å sjå om det faktum at dei nye leiarane ved dette fakultetet sjølv har søkt på stillingane vil føre til ein meir aktiv haldning til universitetet sin personalpolitikk. Personalpolitikken vil berre kunne leve i eit samspel mellom den einskilde leiar og medarbeidarane, men det forutset leiarskap som er open for dette.
- Vi har også ein relativt stor andel av eldre arbeidstakarar. Desse må vi ta særskilt vare på så dei ikkje føler at presset blir for tøft, og det er klart at vi treng å følgje opp spørsmål knytt til personale og arbeidsmiljø endå betre enn før, seier Glambek.
Skal skrive under IA-avtale
- Det er positivt at så mange er nøgde, men vi har ei utfordring i forhold til dei tretti prosenta som ikkje var nøgde. I nær framtid vil UiB skrive under på avtale om Inkluderande arbeidsliv der ein pliktar seg til tett oppfølgjing av langtidssjukemeldte og tilrettelegging av arbeid for dei som har ekstra helsebegrensningar. Vi vil arbeide med særskilte tiltak retta mot konkrete behov, og vi vil som IA-bedrift få oppfølging frå trygdeetaten, mellom anna økonomisk, dersom det er trong for tilrettelegging, avsluttar Eli Glambek.