Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I eit nytt prosjekt på fattigdomsforsking skal mellom anna skriftene til verdsbanken analyserast.
- Vi ønskjer å sjå på årsakene til at fattigdommen i land i den tredje verda ikkje vert redusert trass i tjukke bunkar med handlingsplanar og politiske vedtak. Broch-Due, som er Nordens einaste professor i fattigdomsforsking, har fått tre millionar i støtte frå Norges Forskingsråd til teoretiske og empiriske studier av fattigdom – og strategiane for minske denne. Forskarane skal altså analysere diskursar, idéer og bilete som fins om fattigdom, primært i verdsbanken og andre bistandsorganisasjoner, men også innanfor den samfunnsvitskaplege tradisjonen – og norske haldningar til fattigdom heilt tilbake til Eilert Sundt. Fattigdomsprofessoren meiner det er viktig at også andre fagfelt enn dei som tradisjonelt har vore opptekne av fattigdom blir involvert i slike studier. Ei av dei viktige hypotesene for prosjektet er at vi ikkje forstår nok av det som skjer i møtet mellom ei ”bistandspakke” og lokalsamfunnet. Prosjektleiaren er skeptisk til synet på fattigdom som er dominerande i Vesten i dag og meiner at i takt med at nyliberalismen står sterkare og sterkare er det vanleg å sjå på fattigdom som noko sjølvpåført. Antropologar har lang tradisjon for å studere ”de fattige”. Dei har studert land i den tredje verda intensivt og det er i desse områda at dei ulike aktørane innanfor bistand set inn sine prosjekt. I følgje Vigdis Broch-Due er det eit paradoks at dei har teke mindre fatt i korleis den globaliserte verda grip inn i lokalmiljøet og skapar føringar lokalt. Det skal lagast dokumentarfilm om prosjektet og det blir arrangert workshops. Prosjektet skal bidra til å bygge opp eit fagmiljø for fattigdomsforsking ved UiB. Senter for fattigdomsforsking ved UiB, som óg er leia av Broch-Due, er lagt på is i påvente av reorganisering. Eitt scenario kan vere at fattigdomsforskinga går inn i eit nytt storsenter for utviklingsforsking. Førebels ligg dette prosjektet under Institutt for sosialantropologi.
- Mellom anna vil vi undersøke om verdsbanken er dominert av ei marknadstenkning som ikkje er forenlig med kulturen i samfunna der dei skal drive bistand, seier professor i internasjonal fattigdomsforsking, Vigdis Broch-Due, som leiar det treårige prosjektet kalla ”Poverty politics: Current approaches to its production and reduction”.
Eilert Sundt
Det skal også gjerast feltsstudier i Kerala i India, Kenya, Marocco og Guatemala, Bolivia og Argentina. Dette er stader der som har det til felles at der bur mange fattige, men som ellers er svært ulike, både med tanke på politisk styresett, kulturelle tradisjonar og praksisar.
Tekstananlyse
- Vi skal drive grunnforsking om eit brennande politisk spørsmål og vi trur at også til dømes litteraturvitarar, religionsvitarar og filosofar vil sjå at her er det mykje spennande å forske på – og at det fins vinklingar som ein kanskje ikkje har vore heilt merksam på før.
- Til å drive tekstananlyse og sjå historisk på den utviklinga av synet på fattigdom er vi avhengig av andre fagfolk enn berre antropologar, seier Broch-Due, som likevel strekar under at hovudtyngda av dei som blir involvert i prosjektet er antropologar, historikarar og statsvitarar. Prosjektet vil også ha partnarar i samarbeidslanda.
Når bistandspakka ikkje verkar
- Om vi kan forstå kva som produserer fattigdom kan vi betre forstå kva som kan vere med å redusere den. Vårt utgongspunkt er at marginalisering og fattigdom av utsatte grupper er noko som forekjem i nesten alle samfunn. Målet er å bygge nye teoriar gjennom ei kritisk analyse av diskursen rundt bistandsintervensjonar i fattigdommens namn, seier Broch-Due som strekar under at dette er eit prosjekt dom favnar breitt – og at forskingsstrategien skal ta opp i seg både det lokale og det globale.
- Fattigdom er ikkje eit individuelt problem
- Fattigdom har blitt avpolitisert og patologisert og i kjølvatnet har formynderskap blitt igjeninnført som den dominerande modell for løysing. I mange vestlege land har vi mist forståinga av at fattigdom også er eit sosialt og strukturelt problem som er nært knytt til dei prosessane som skaper rikdom for dei få.
- Kva er det i våre eigne modellar som gjer at vi har gått i frå å definere fattigdom som eit samfunnsproblem til å la det bli eit individuelt problem? spør Vigdis Broch-Due som ønsker å antropologisere debatten og ikkje berre overlate den til økonomane.
- For mykje av fattigdomsdebatten dreier seg om tekniske definisjonar, som at du er fattig dersom årsinntekta di er lågare enn x antal dollar. Så enkelt er det ikkje.
Antropologane og ”de fattige”
- Folk som er målgruppa for intervensjoner er ikkje passive ‘mottakarar’ - dei fortolker, omskapar og opponerer mot bistandspakka ut frå sine forståelseshorisontar, verdiar og strategiske interesser. Det er nettopp i dette møte mellom det “globale” og det “lokale” at dei utilsikta verknadane av bistanden blir produsert og kor konflikter oppstår. Ikkje berre i skjæringsflata mellom lokalsamfunn og “utviklarane”, men også internt der folk sjølvsagt har ulike interesser og synspunkt på basis av alder, kjønn, klasse og religion.
Ein viktig ting forskarane vil studere er kva faktorar som verkar inn for å oppretthalde fattigdom. I Kerala, India ser ein mange døme på at kastesystemet, som er religiøst grunna, er med på å halde folk nede i fattigdom, trass i eit kommunistisk styresett som har eit sterkt fokus på økonomisk fordeling, seier sosialantropologen som tidlegare har forska mykje i Afrika.
Nytt storsenter?