Skal behandle hareskår i Etiopia

Publisert

Shiferaw Degu er sikra arbeid og utfordringar for resten av livet. Han er den einaste tannlækjaren med spesialkunnskap om leppe og ganspaltar i eit samfunn med nærare 70 millionar menneske.

I Etiopia skal Shiferaw Degu vere med i eitt team av spesialistar som har arbeidsplass ved ei nyopna eining på sjukehuset ”Yekatit 12”. Med i teamet er plastikk-kirurgar, øyre-nase-hals-
spesialistar og talepedagogar – og tannlækjarar. Degu får ansvar for alt som har med tenner å gjere. NORAD, Haukeland sjukehus, etiopiske myndigheiter og Universitetet i Bergen samarbeider om senteret – som opnar i januar 2004. Til no har pasientar med denne tilstanden ikkje hatt noko organisert tilbod om behandling.

God timing

Etioparen som er tannlækjar kom til Bergen som ”kvotestipendiat” hausten 2001. Målet hans var å skaffe seg kompetanse innan eit felt som til no er forsømt i heimlandet hans. No drar Degu attende til Addis Ababa med ein fersk M Phil (Dentistry) i lomma.

- Vi er svært godt nøgde med timinga for mastergraden til Shiferwa Degu. Den kunnskapen han har henta inn er heilt uunværleg når etioparane no skal ta til å behandle folk med leppe-ganespalte. Tenner og tannhelse er eit stort problem hos desse pasientane. Difor er det også viktig med spesialkompetanse, seier professor emeritus, Kjell Bjorvatn, som har vore rettleiar for etioparen.


Trur på trolldom

Blant Etiopias mange millionar, er det tusenvis av born og vaksne som lever med ubehandla hareskår. Levekåra er ofte svært dårlege, og når ei mor før eit barn med hareskår, blir dette sett på som ei skam. Ein trur gjerne at nokon har kasta trolldom på mora, eller at ho har håna nokon med hareskår under svangerskapet

- Det er på landsbygda, blant dei fattige med lita eller inga utdanning, at slike idear framleis lever. Mobbing av folk med leppe-ganespalte er vanleg og søskena deira kan til dømes få problem med å bli gifte, fortel Shiferaw Degu.

Fordi barn med åpen gane ikkje kan suge melk og lett får infeksjonar, døyr mange som spebarn. Etiopiske kvinner får mange barn (i gjennomsnitt 6,7) og har ofte korkje økonomi eller overskot til å ta seg særskilt av funksjonshemma barn. Difor går slike barn ofte ei uviss framtid i møte og ofte prøver mora å gøyme barnet unna.


Mange døyr tidleg

I samband med master-studiet har Shiferaw registrert alle barn som vart fødde ved fødeavdelingane til fire sjukehus i Addis Ababa. Blant 6800 nyfødde fant han fem med gangespalte. Dette gir ein ”insidens” på om lag 0.75 per 1000. Dette er mindre enn i Noreg, der ein reknar at om lag to av tusen vert fødde med leppe/gane spalte. Shiferaw har også undersøkt kor mange menneske med hareskår ein finn utover landsbygda. Eit team hjelparar drog frå hus til hus, men – i ei befolking på 35.000 - fann dei berre 20 med ulike slag leppe og ganespaltar. Samanlikna med tala for nyfødde, kan dette tyde på at mange døyr tidleg, meiner Degu. Alternativt kan mange spaltepasientar ha reist frå området dei lever i fordi stigmaet er for sterkt.


Meir fokus på HIV og Malaria

– Inntil no har ikkje pasientar med leppe-ganespalte vore prioritert. Etiopia har høg forekomst av HIV og mange døyr av malaria. Helseproblem som kjennest mindre akutte, vert lett gløymde i eit fattig og utarma land. Shiferaw Degu sine resultat gjer det vanskelegare å neglisjere den store gruppa av pasientar med leppe og ganespaltar, trur Kjell Bjorvatn.

Relativt sett er det dyrt å behandle hareskår, det tek lang tid og stor innsats frå eit heilt team, før ein får eit godt resultat.

- Noreg er involvert i behandlinga også av andre sjukdommar og helseproblem i Etiopia, mellom anna spedalskheit og behandling av brannskader. Viktigare er det likevel å gje hjelp til sjølvhjelp. Det er eit steg i rett lei at to etiopiske plastikk-kirurgar i dag får trening på Haukeland sjukehus, seier Kjell Bjorvatn.

Det er også ønskjeleg at høgt utdana spesialistar som blir utdanna til dømes i Noreg, skal overføre kunnskap til studentar i heimlandet sitt. Shiferaw Degu skal undervise ved Addis Ababa universitetet sitt ”Training Center”, og sidan ved ein ny ”Dental School” som er under etablering i Etiopia.

- Frå før fins det berre om lag femti tannlækjarar i heile landet, så dei som studerer faget treng ikkje vere redde for å bli arbeidslause, seier Shiferaw Degu.

Powered by Labrador CMS