Skal det vere eit studio?

Publisert

I første etasje i Stein Rokkans hus, der BT i si tid hadde trykkpressa ståande, ligg no UiB sitt nye studiosenter. Senteret er eit tilbod til både interne og eksterne brukarar, og har no fått nye og oppdaterte nettsider som gjev meir detaljert informasjon om tilbodet.

Studiosenteret inneheld eit klassisk 3-kamera tv-studio som eignar seg både til småfilmproduksjon, virtuelle nettmøte og musikkopptak, for å nemne noko. Der finst også eit mindre multimedie-auditorium som kan brukast til førelesingar og videokonferansar. I tillegg kjem eit lite videokonferanserom, med plass til 2-3 personar, for ”andlet-til-andlet”-videokommunikasjon – til dømes for forskarar som treng å samtale med kollegaer i utlandet.

– For UiB sine brukarar, kan det mellom anna vere aktuelt å bruke senteret til nettbaserte førelesingar som skal sendast for mange menneske. Slike førelesingar kan også spelast inn og seinare lastast ned når ein ønskjer det, som ein slags ”video on demand”, seier teknisk sjef for studiosenteret, Stein Unger Hitland.

– Studio B har eit uttrekkbart auditorium og to monitorar, slik at ein kan velje å sjå innkomande bilete på den eine, medan førelesaren kan køyre sin eigen visuelle presentasjon på den andre. Studio A er først og fremst eit fjernsynsstudio med kringkastingskvalitet, men kan også brukast til dømes i konferansesamanheng. Ein kan sjå for seg eit heilt diskusjonspanel som sit i studio, og så kan ein streame debatten direkte til ei større gruppe ein annan stad.

Studiosenteret vart teke i bruk i september i fjor, og har hatt stor pågang, mest frå eksterne brukarar, men også ein del internt, mellom anna til videokonferansar. Hitland er oppteken av at ein må tenkje litt utradisjonelt for å kunne utnytte dei store moglegheitene som ligg i det tekniske utstyret.

– Mange førelesarar vel å gjere det på den tradisjonelle måten, fordi dei kanskje føler at ei multimedieførelesing ikkje gjev nok utbytte samanlikna med innsatsen. Men kven som helst kan nytte seg av moglegheitene for multimedieførelesingar i Studio B, og det er lett å styre for ein person, forsikrar han.

Powered by Labrador CMS