Skal diskutera fadderveka

Publisert

Universitetsstyret skal i morgon diskutera fadderveka si framtid. – Det er eit uttrykk for at dette er ei viktig sak for heile UiB, seier studentrepresentantane.

Fleire har bede om at fadderveka vert tema for drøfting i styret, heiter det i innleiinga til saka om fadderveka som skal diskuterast i universitetsstyret i morgon. Det vert peika på både det positive med at ein som fersk student vert kjent med både universitetet og medstudentane, men òg den negative merksemda veka har fått. Det handlar i første rekke om alkoholbruk.

­– Meir oppstyr enn fortent
– Det har vore ein stor offentleg debatt rundt fadderveka, og at saka no kjem opp i universitetsstyret viser at saka er viktig for heile universitetet, seier Magne Seierslund.

Han er studentrepresentant i universitetsstyret saman med Liv Heidi Ekre.

I saksframstillinga vert det peika på at etter at læringsmiljøutvalet vedtok retningslinjer for fadderveka, vart det sett av ein halv million kroner i budsjettet. Desse pengane skulle gå til faddearrangement der det sosiale og fagleg relaterte skulle vera i fokus, og det skulle ikkje vera samankomstar med alkohol. Det vert samstundes peika på at samarbeidet studentane har med ulike utestader er ei uheldig kopling – men at dette er ting universitetet ikkje får gjort noko med.

– Det vert litt huskestove i sentrum kvar haust. Dette veit media, og dei veit at sakene fengjer. Eg synest det vert litt meir oppstyr enn saka fortener. Det er viktig å hugsa at dei aller fleste studentane seier at dei er nøgde med fadderveka, seier Seierslund.

Styremedlemmet seier at alkoholbruken hos nokre av studentane er eit problem – mellom anna har det gjort at internasjonale studentar har kjent seg framandgjorde. Dette vert òg peika på i sakspapira, og er noko av bakgrunnen for at det vart oppretta ein eigen pott ein kunne søkja arrangementsstøtte frå.

– Eg har tidlegare kritisert potten fordi eg meiner ein del av tiltaka ein søkjer, og får pengar til, er lite kreative, seier Ekre.

– Det er mykje grilling. Samstundes er det nok mange som anten ikkje får støtte, eller som ikkje veit at dei kan få støtte. Dansegruppa eg leier prøvde til dømes, men fekk nei, seier ho.

Studentrepresentantane Magne Seierslund og Liv Heidi Ekre meiner at fadderveka absolutt ikkje må fjernast. Men dei tek til orde for fleire rusfrie arrangement – og meir fantasi hos dei som søkjer pengar til faddervekearrangement. Foto: Hilde Kristin Strand

Vil ha måtehald
Utdanningsutvalet diskuterte årets fadderveke i sitt møte for snart ein månad sidan. Eit av momenta var at fadderveka representerer eit omdømmeproblem for universitetet. Noko av problemet er at dei andre utdanningsinstitusjonane har fadderveke samstundes, og i bybiletet er det vanskeleg å sjå kva studentar som høyrer til kvar.

Dei siste åra har det vorte vanleg at dei ulike faddergruppene anten kler seg ut, eller i alle fall går med like t-skjorter.

– Uniformering og heiarop fører til meir støy, og å unngå utkledning vert sett på som ein fordel, heiter det i eit av momenta frå utdanningsutvalet.

– Meir støy i sentrum ei veke i august synest eg ikkje kan kallast eit omdømmeproblem. Men dersom enkeltstudentar sin ekstreme rølp vert sett i samanheng med universitetet, då kan det verta det, meiner Seierslund.

Han meiner at å forby enkelte klesplagg eller utkleding ikkje er vegen å gå, men meiner at universitetet kan gjera fadrane meir merksame på kva uniformering kan føra til.

– Eit kostyme kan nok skapa andre haldningar og grenser, meiner Ekre.

Konklusjonen i sakspapira er at det er for tidleg å konkludera. Universitetsstyret ønskjer å få saka opp på nytt til våren. Men dei to studentrepresentantane kjem allereie no til å føreslå ei vidareføring av SiB sitt lukkepromille-prosjekt.

– Det handlar om å drikka alkohol i moderate mengder. Ein kan ikkje seia til 19-åringar at alkohol er teit eller ikkje lov, seier Seierslund.

 

Powered by Labrador CMS