Skal måle Facebook-avhengigheit

Publisert

Forskarar ved Det psykologiske fakultet har utvikla ein metode for å måle om du er avhengig av Facebook.

Det nye måleinstrumentet har fått namnet ”Bergen Facebook Addiction Scale” og er del av eit forskingsprosjekt på Facebook-avhengigheit leia av psykologspesialist og doktor i psykolgi Cecilie Schou Andreassen i samarbeid med professor Ståle Pallesen frå Det psykologiske fakultet, UiB.

– Bruken av Facebook aukar vedlig raskt. Det gjer at ein kan tenkje seg at det er ein spesifikk avhengigheit som går inn under internettavhengigheit. Det er mange meiningar og synspunkt på dette, men det har ikkje blitt gjort noko særleg forsking på det i Noreg, seier Schou Andreassen til uib.no.

Liknar anna avhengigheit
Facebook-avhengigheit liknar på anna avhengigheit og blir målt etter seks kriterier.

* Du tenkjer mykje over Facebook, også når du ikkje er på nettstaden.

* Du har prøvd å kutte ned på bruken utan å lukkast.

* Du opplever ubehagelege kjensler dersom du blir forhindra frå å bruke det.

* Bruken har hatt negativ innverknad på jobb eller studier.

* Du bruker det for å gløyme personlege problem.

* Du føler ein trang til å bruke Facebook meir og meir.

Dersom du kjenner deg att i nokon av desse punkta, kan du vere avhengig av Facebook, ifølge uib.no.

Kvinner meir utsette
Medan menn er overrepresenterte når det gjeld avhengigheit av pengespel, trur forskarane at kvinner er meir disponerte for å bli avhengige av Facebook. Det er det sosiale aspektet ved nettsamfunnet dei meiner er avgjerande, og Schou Andreassen viser til at kvinner til dømes er overrepresenterte når det gjeld avhengigheit av tekstmeldingar og mobiltelefon.

Forskarane trur også at yngre i større grad blir råka enn eldre.

– Vi tenkjer at det dukkar opp oftare hjå yngre enn hjå eldre, og at personar som uroar seg ein del og er prega av angst og usikkerheit bruker Facebook der dei tykkjer at det er lettare å ha kontakt med andre, seier Schou Andreassen.

Er du arbeidsnarkoman er derimot risikoen for å bli avhengig av Facebook mindre, ifølge forskarane. Arbeidsnarkomane sit ofte mykje framfor datamaskina, men bruker Facebook av ein annan grunn. Dei bruker Facebook som ein effektiv måte å vere sosial på, slik at tid som hadde gått med til å treffe andre heller kan brukast til arbeid.

 

Powered by Labrador CMS