Skal revurdere karakternivået på jus

Publisert

– Vi har sjølvsagt inga interesse av å stille strengare krav til våre studentar enn det dei gjer ved andre universitet, seier dekanus ved Juridisk fakultet, Ernst Nordtveit. Få toppkarakterer ved to eksamenar i haust har spreidd uro blant studentane, men dette skal no vurderast på ny.

Ved ein eksamen i kontraktsrett i haust fekk under to prosent karakteren A, ti prosent fekk B, medan heile 80 prosent fekk C eller D. Dette har fått studentar til å rykke ut mot det dei meiner er urettvise i karaktersystemet samanlikna med universitetet i Oslo og Tromsø.

Skal diskuterast

Ved Juridisk fakultet er dei svært opptatt av saka og beroligar studentane

- Her i Bergen kjem innføringa det nye karaktersystemet, samstundes med at vi har gjort radikale omleggingar i studieopplegget. Dette gjer det naudsynt å tilpassa vurderingskriteria og nivåkrava til innhaldet i dei nye kursa, noko som er ein vanskeleg prosess. Det har kome fram at det har vore ulike syn mellom sensorane på korleis det nye karaktersystemet skulle praktiserast. Etter retningslinene skal nivåkravet leggjast slik at 10 % av kandidatane over tid skal få A. Dette inneber ikkje at det treng vera 10 % A ved kvar eksamen, men når avviket er så stort, kan dette tyda på at ein har stilt for strenge krav, ut frå det studietrinnet studentane er på. Styret vil derfor, i eit ekstraordinært styremøte, 5. desember drøfta eit forslag til presisering av vurderingsgrunnlaget og nivåkravet, fortel Ernst Nordtveit.


Felles retningsliner med Oslo og Tromsø

Oslo har hatt bokstavkarakterer frå 1999, men har praktisert ei ordning der ein foretar ei prosentvis fordeling av kandidatane på dei ulike karaktertrinn frå semester til semester.

– Det juridiske fakultet i Oslo har nå vedteke dei same prinsippa for karakterfordelinga som i Bergen og Tromsø. Oslo har ennå ikkje fullført sensuren til nokon eksamen etter dei nye retningslinene. Det same gjeld Tromsø. Vi vil fylgja nøye med i utviklinga i karaktergjevinga ved dei to andre fakulteta, seier Nordtveit.


Kan bli aktuelt med ny sensur

Ei presisering av vurderingskriteria ved sensuren, vil føra til at ein må sikra at desse kriteria også vert gjort gjeldande for dei to kursa som alt er sensurerte. Dette inneber at vi i så fall vil gjennomføra ny sensur for dei to kursa som alt er sensurerte, seier Nordtveit.

Powered by Labrador CMS