Skal samarbeide med dei store

Publisert

Senter for internasjonal helse (CIH) kom særs godt ut av den internasjonale evalueringa av norsk helsefagleg forsking, men ser ingen grunn til å kvile på laurbæra. I samarbeid med verdas fremste forskingsmiljø innanfor medisinsk etikk, skal kvaliteten på forskinga bli enno betre.

Torsdag 27. og fredag 28. mai vart det arrangert eit fellesseminar med deltakarar frå CIH/UiB og det amerikanske National Institutes of Health (NIH). NIH består av 27 ulike institutt og senter og ligg under USA sitt helsedepartement. Department of Clinical Bioethics ved NIH er leiande på forsking i internasjonal bioetikk.

Auke kompetansen

Målet med seminaret var å drøfte avtalar om forskarutveksling og undervisings- og kurssamarbeid, og å sjå på moglegheiter for samarbeidsprosjekt i internasjonal medisinsk etikk og epidemiologisk forsking. Møtet kom i stand mykje takka vere professor Reidar Lie, som har ei halv stilling som professor ved Department of Clinical Bioethics.

– Ein diskuterte samarbeid på fire ulike område: Ressursfordeling og prioriteringar i helsearbeid i utviklingsland, samarbeid om undervisingsprogram i forskingsetikk, registerepidemiologi og kurs i kliniske randomiserte undersøkingar, fortel professor Ole Frithjof Norheim ved Institutt for samfunnsmedisin.

Han orienterte sjølv om internasjonale prosjekt ved UiB under temaet prioriteringar i helsevesenet i u-land.

– Til hausten dreg eg til USA for å planleggje samarbeidet på dette området vidare. Målet er å etablere eit opplegg der ein rekrutterer ein masterstudent og ein doktorgradsstudent frå utviklingsland kvart år, som så skal få rettleiing både frå meg og frå forskarar ved NIH. Slik vil vi prøve å auke kompetansen på dette feltet i dei landa det gjeld, seier han.


Kan få forskingsløyvingar

– Meir generelt ønskjer UiB å knyte internasjonale kontaktar og leggje tilhøva til rette for direkte forskingssamarbeid med ein så stor amerikansk forskingsinstitusjon som NIH er. Eit anna aspekt er at NIH løyver midlar til forskingsprosjekt, og ved å auke samarbeidet, kan vi betre vår posisjon når vi skal søke til framtidige prosjekt. Og til sist trur vi at dette samarbeidet vil auke kvaliteten på forskinga som blir utført i Bergen.

Han fortel at seminaret var svært vellukka sett frå CIH sin ståstad.

– Vi hadde ei fabelaktig fin omvising i det gamle forskingslaboratoriet til Armauer Hansen. Det gjorde stor lukke!

Powered by Labrador CMS