Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
1000 fruktbare kvinner tar fedmeoperasjon kvart år i Noreg. No vil UiB-forskarar kartlegge korleis fedmeoperasjonar påverkar fertiliteten.
Private klinkikkar som tilbyr fedmeoperasjonar reklamerer med betre fertilitet etter fedmekirurgi. Forskarar frå UiB vil etterprøve dette med studiar av korleis svangerskapa artar seg. Noko av det dei ynskjer å finne svar på er nettopp om kirurgien aukar sannsynet for graviditet. –Vi vil generelt sett sjå på korleis det går med svangerskapet. Om det byr på Komplikasjonar, og kva som eventuelt kan gjerast med det. Vi må finne ut kor lang tid tar det før ein blir gravid, og kor mange som blir gravide i perioden nær etter operasjonen, seier lege og forsker Sjur Lehmann, som nå går inn i et doktorgradsprogram ved Insitutt for kirurgiske fag. Ukjent område Det har vore eit par større befolkningsstudiar på fedmeopererte svangerskap, men elles er studia på feltet små i omfang. – Derfor er det enno mykje ein treng å klargjere rundt forholdet mellom svangerskap og fedmeoperasjonar, seier Lehmann. Artikkelen held fram under biletet Det har vore få studier på fertile kvinner som let seg fedmeoperere. (Foto: Colourbox) Kombinasjonar – Dette vil truleg vil gi eit betre grunnlag for å seie noko om føresetnadane for å få barn, og eventuelle komplikasjonar etter fedmeoperasjon, enn det tidlegare undersøkingar har gjort, seier Lehmann. Enno er det berre Lehmann sjølv og rettleiaren hans, professor Asgaut Viste ved Institutt for kirurgiske fag som deltek i forskingsarbeidet. Godkjenning frå REK og MFR er på plass, men finansieringa er ikkje heilt klar.
I det heile er det mykje som enno er ukjent angåande svangerskap og fedmekirurgi, som til dømes val av metode, optimal oppfølging i svangerskapet og optimal tid mellom kirurgi og graviditet. Lehmann og forskargruppa hans håpar no å få meir klarheit i desse forholda.
Gruppa vil mellom anna sjå på kombinasjonen av fødselsregistrering og operasjonsregistrering