– Skap din eigen lagnad

Publisert

Om ein liten gut kastar teiknestiftane i sinne over å ikkje få det til, eller ein nasjon lir av kollektiv dårleg sjølvkjensle, kan både gutungen og nasjonen få hjelp av teoriar og strategiar for å bygge opp ei kjensle av meistring.

Det meiner ein av psykologiens grand old men, kanadiske Albert Bandura. Forrige veke gjesta han Psykologisk Fakultet og Hemilsenteret ved UiB. Bandura er far til omgrepet ”self –efficacy” eller på norsk meistringsforventing. Han har forska mykje på korleis vi oppfattar vår eiga evne til å påverke viktige hendingar i våre liv og korleis dette verkar inn på vår psykologiske fungering. Bandura meiner at slike meistringsforventingar er viktige for kva aktivitetar vi gjev oss inn på og kor mykje energi vi investerer i gjennomføringa.

Program for meistring

Bandura, som fyller 80 år i år, har fått stort gjennomslag for teoriane sine og har mellom anna motteke 16 æresdoktorutmerkingar frå ulike universitet. Strategiar for meistring har fått eit stadig større fokus innanfor psykologien. Bandura har stått i spissen for utstrekt vitskapleg forsking som viser at mennesket sjølv kan ha svært stor innverknad på eiga sjølvkjensle, optimisme, karriere og mental styrke. Han har utvikla dette til eit ”program” for meistring og fortel til På Høyden at dette kan nyttast både i liten og stor skala, det vil seie at alt frå enkeltindivid til nasjonar – eller til og med store samanslutningar som EU - kan ha nytte av å øve opp trua på eige prosjekt, ifølge Bandura. Han legg til at teoriane og blir brukte globalt og ikkje er avgrensa til berre å stemme med eit vestleg verdsbilete.

– Fordi vurderingsevne og handling delvis er sjølvbestemt, kan menneske endre seg sjølv og situasjonen sin gjennom eiga kraft. Men både på individuelt og kollektivt plan treng vi rollemodellar. Og vi treng folk som kan uttrykke tru på evnene våre, seier Bandura. Gjennom heile karriera har han vore oppteken av å bidra med teoriar som gjev ei meir optimistisk haldning til at menneske kan ta eigne val og gjennom forsking har han freista å forklare kvifor trua på seg sjølv er basisen for all motivasjon.


Å unngå HIV

Bandura, som for tida jobbar mykje med forebyggjande helsearbeid i Afrika, forklarar:

– Ein blir ikkje fødd med ein høg meistringsstrategi, ein må bygge den opp trinn for trinn. Men det er ei rekke ulike ferdigheiter ein kan øve opp. Ein må byrje med trinnvise utfordringar, der ein får tøffare utfordringar etterkvart. Skal du til dømes passe deg for HIV-smitte må du tru på at du kan halde deg unna, både frå presset frå venner og ein farleg livsstil. I tillegg er det svært viktig at ein lærer å handtere emosjonelle relasjonar og makttilhøva som alltid fins i ein slik relasjon, seier Bandura.

Han meiner samfunnet må skifte fokus frå å handsame helseproblem til å forebygge.

– Folk lever lenger og vi må gjere alt vi kan for å bidra til at dei blir ved god helse gjennom heile livet, seier Bandura.

Ifølgje professor Leif Edvard Aarø ved Hemil-senteret er teoriane til Bandura svært sentrale innan førebyggjande helsearbeid og helseopplysning. Eitt døme der ein har nytta Bandura-teoriar er VÆR røykFRI-kampanja som er retta mot norsk ungdom, og som har vist seg å vere svært vellukka.


Kollektiv meistring

Bandura er oppteken av at meistringsforventingar har fleire nivå og hevdar at ein kan snakke både om individuell og kollektiv meistring.

– Under den pågåande globaliseringa er det mykje som underminerer den kollektive kjensla av meistring. Globale marknadskrefter, klimaendringar osb gjer at folk kjenner seg meir makteslause enn før. Og det er rett at det er mykje vi ikkje har kontroll over, men vi kan kontrollere vår eiga tenking.

– Eg vart fortald her i dag om uttrykket ”Elsk lagnaden din”. Det fins eit mykje betre alternativ. Nemleg at menneske utformar sin eigen lagnad, avsluttar Albert Bandura.

Powered by Labrador CMS