Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Skeivt arkiv sin vidare lagnad var drøfta i Stortinget torsdag. – Frå ei skeiv stemme vil eg rosa Stortinget for dagens vedtak, sa Ketil Kjenseth (V).
I statsbudsjettet for 2016 fekk Skeivt arkiv ei løyving på fem millionar kroner. Torsdag var arkivet sin økonomiske situasjon drøfta i Stortinget. Eit mindretal frå SV, Arbeiderpartiet og Senterpartiet kom med følgjande forslag: «Stortinget ber regjeringen sikre Skeivt arkiv ved Universitetet i Bergen permanent drift gjennom fast statlig tilskudd over statsbudsjettet».
Det var ikkje dette som vart vedteke. Terje Breivik (V) understreka at når det kom inn pengar i statsbudsjett, er dette sjølvsagt permanente midlar. Eit vedtak slik opposisjonen la opp til, meinte han difor ikkje var naudsynt. Fleirtalet i familie- og kulturkomiteen, som kom med forslaget til vedtak i saka, viste til pengane som allereie er komne.
– Uproblematisk
Men stortingsrepresentantane var heilt samde i innhaldet i saka: Skeivt arkiv er viktig, eit nasjonalt ansvar. Og UiB, særleg initiativtakar Tone Helleund og prosjektleiar Runar Jordåen, fekk mykje skryt. Breivik, som var den som fekk pengar til arkivet inn i statsbudsjettet, la vekt på at homokamp, feminisme og kamp for likestilling er fleire sider av same sak, men at lhbt-gruppa (lesbiske, homofile, bifile og transpersonar) og deira ulike seksuelle orientering så langt ikkje har vekt same interesse som feminisme og kvinnekamp.
– Det hastar med å få samla inn skeiv historie i Noreg. Som hordalending er eg overtydd om at UiB er den beste institusjonen til å driva eit slikt arkiv – så lenge dei får midlar til det, sa Laila Reiertsen (Frp).
– Det er viktig å dokumentera vegen fram til retten til likekjønna ekteskap på skikkeleg, vitskapeleg vis, sa Liv Signe Navarsete (Sp).
– Det er viktig med eit vedtak i Stortinget. Her vart lovene om homofili vedtekne, og etterkvart òg oppheva, sa Audun Lysbakken (SV).
– Frå ei skeiv stemme vil eg rosa Stortinget for dagens vedtak. For meg har det vore heilt uproblematisk å veksa opp som homofil. Aller mest takk går til dei som tok kampen på 1950-, -60 og -70-talet, sa Ketil Kjenseth (V).
Historia om kampen
Den temmeleg ferske kulturministeren Linda Hofstad Helleland møtte i Stortinget som minister for første gong. Ho la vekt på at det som så langt finst om homofili i offentlege arkiv i Noreg stort sett handlar om homofili som kriminell handling eller psykiatrisk diagnose.
– Dei private arkiva gir eit heilt anna perspektiv. Det er her ein finn historia om kampen, sa Helleland.
– Skeivt arkiv er ein dokumentasjon av eiga samtid og korleis seksuelle minoriteter opplever den. Det seier mykje om vår eiga samtid – på godt og på vondt.