Den skeive historia er ein viktig del av nyare, norsk historie, seier projektleiar Runar Jordåen.

Fem millionar til Skeivt arkiv

Publisert

Drifta av Skeivt arkiv er sikra etter at Venstre har fått regjeringspartia og KrF med på å gi Skeivt arkiv fem millionar øyremerka kroner.

– Dette er ein stor dag, seier Runar Jordåen.

Han er prosjektleiar for Skeivt arkiv og hadde ein god dag måndag: Då vart det kjent at Venstre har fått gjennomslag i forhandlingane med regjeringspartia og KrF, og sikra Skeivt arkiv med fem millionar kroner.

– Det kjennest veldig bra med tanke på kor viktig denne saka er, seier Terje Breivik, finanspolitisktalsperson i Venstre, til På Høyden.

Han har tidlegare sagt at homoarkivet er eit nasjonalt ansvar.

- Dette har vore ei lett sak å jobba for, legg Breivik til.

– Fantastisk
– Det er fantatisk at Venstre har klart å kjempa gjennom dette. Me er òg kjempeglade for at Kjersti Toppe i Senterpartiet løfta dette opp til ei politisk sak.

Det seier Tone Hellesund. Ho var initiativtakaren til Skeivt arkiv, og leiar no styringsgruppa.

Hellesund seier at pengar over statsbudsjettet no var eit vera eller ikkje vera for arkivet. Ho synest det er flott at drifta no vert eit spleiselag mellom UiB og statsstøtte.

– No kan me få eit skikkeleg profesjonelt arkiv, med både eigne arkivarstillingar og moglegheit til å gjera det me ikkje har kunna gjera før. Mellom anna kan me no få samla inn munnlege historier, seier Hellesund.

Mykje lobbyverksemd
– No kan me gjera det som har vore målet i 30 år. Det har vore snakka om at ein skal ta vare på homohistoria, men det har ikkje vore gjort noko særleg før no, seier Jordåen.

Han seier at det har vore hard jobb og mykje lobbyverksemd knytt til å få arkivet inn på statsbudsjettet.

– Og me har ikkje brukt profesjonelle lobbyistar. Men etterkvart har me fått mange gode støttespelarar, seier han.

Hellesund peikar på at ei sikring av arkivet er viktig for dei som har kjent på at historia deira kanskje ikkje har vore så viktig.

– Det er flott at det offisielle Noreg no viser at den skeive historia er verd å ta vare på.

 

Vi gjer merksam på at Tone Hellesund er søster av På Høyden-redaktør Dag Hellesund. Han har difor ikkje tatt del i arbeidet med denne saka. 

Powered by Labrador CMS