Gjengen på Skeivt arkiv er godt i gang med arbeidet, men treng fleire ressursar. Frå venstre Heidi Dybwik-Rafto, Runar Jordåen, Hannah Gillow Kloster, Simon Mitternacht og Tone Hellesund. Foto: Karl Kristian Langeland.

Skeivt arkiv treng fleire ressursar

Publisert

Over eitt år er gått sidan Kim Friele gav sitt rikhaldige homoarkiv til UiB og Skeivt Arkiv. Men ressurssituasjonen til arkivet er usikker.–Vi treng tre fulle stillingar for å få tatt unna noko av det mest prekære, seier Tone Hellesund.

Perm på perm og øskje på øskje med homohistorie vart overlevert frå Karen Christine “Kim” Friele til UiB i fjor og Skeivt arkiv fekk midlar frå Fritt ord, Bergen universitetsfond, Nasjonalbiblioteket og Kulturrådet. Vel og bra, men det skeive arkivet treng sårt fleire midlar, meiner Tone Hellesund.

– Det er ingen som har gjort noko med dette før. Det å skulle dekke heile den norske, skeive historia på nasjonal basis. Det er ei enorm oppgåve. Vi må kome i gong med intervju, men det er utruleg ressurskrevjande. Akkurat no jobbar vi med store mengder papirmateriale. Vi håpar at vi kan få meir prosjektmidlar og at vi på sikt kan få meir stabile ressursar så vi veit at drifta vert sikra permanent framover.

Treng fleire fulle stillingar
Grunna nytt statsbudsjett vert det no ei omlegging av støtteordningane og korleis Skeivt arkiv vil kome ut der veit dei ikkje enda.

– Vi har fått midlar for dette året og vi har søkt for neste år. Vi ventar no spent på svara ifrå søknadane, seier Hellesund som i august i år gav stafettpinnen som prosjektleiar vidare til Runar Jordåen.

Biblioteket har tilsett Runar Jordåen i ei treårig prosjektstilling som er tenkt delvis finanisert av eksterne midlar. Dei har også ein tilsett i eit seks månaders prosjektstilling og ein som jobbar 25% med arkivet. I tillegg har også Hellesund sjølv brukt mykje av tida si på dette. Likevel er det ikkje nok.

– Vi må ha tre fulle stillingar på dette for å få tatt unna noko av det mest prekære.

Sjølv om gjengen bak Skeivt arkiv har vore klar over at det er mykje materiale, som aldri har vorte verken arkivert eller forska på , er dei overraska over den store mengda med stoff til arkivet.

– Eg har tenkt heile tida at det er mykje materiale og mykje som er ugjort, men at folk faktisk har teke vare på så mykje og at det finst så mykje ulikt stoff, ulike grupperingar, organisasjonar og tidsskrifter overraska meg faktisk litt, fortel Jordåen.

Vil verte nasjonalt arkiv
Men det er ikkje berre det store og varierte materialet som har overraska dei som jobbar med Skeivt arkiv. Det som kankskje er like overraskande er kor lite som har vorte gjort med denne delen av norsk historie tidlegare.

– Det er eit felt med mykje historie som lever i minna til folk. Mykje er ikkje å finne på papir. Difor trengs det eit eige arkiv og institusjon som jobbar med dette, og difor meiner vi at vi burde få status eit nasjonalt arkiv og dokumentasjonssenter, seier Jordåen.

Skeivt arkiv har vore i fleire møte med ulike aktørar, men så langt har det berre ført til prosjektstøtte. Ei meir permanent finansiering er vanskelegare å få til.

– Vi slit med å få politisk forståing for å at det trengs ekstra midlar. Medlemmane i kulturkomiteen på Stortinget, med unntak av FrP, ba regjeringa sjå på om dei kunne gje særskild støtte til dette prosjektet, men ein har ikkje kome vidare derifrå, seier Hellesund.

Hellesund står og blar i eit litt gulna og smårufsete tidsskrift frå 1970-talet med namnet Supergutt. Eit anarkistisk, feministisk homsetidsskrift og berre noko av det du kan få sjå om du tek turen opp til Skeivt arkiv.

– Vi har fått gjort mykje den siste tida. Det som er veldig kjekt er at vi no er i ferd med å bli eit operativt arkiv. Folk kan snart kome hit å sjå på materialet, kunne sitje på lesesalen på spesialsamlingane. Snart er heile Kim Friele sitt materiale på plass i arkivregistreringsystemet, fortel ei entusiastisk Hellesund.

– Vi er ein del av ei avdeling for spesialsamlingar ved UiB som er veldig gode på nettopp desse tinga, og eg må seie at vi har funne ein god heim for Skeivt arkiv, seier Jordåen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tone Hellesund og Skeivt arkiv har fått tilsendt mykje lesestoff. Så langt har dei dokumentert over 50 ulike tidsskrifter for skeive, her ser du ei utgåve av <<Supergutt>>. Foto: Karl Kristian Langeland.

Skeivt arkiv er nyttig for alle
Skeiv historie har vore eit utruleg forsømt felt i kultursektoren, og det har nesten ikkje vore gjort noko forsking innanfor dette feltet, fortel Hellesund. No håpar Skeivt arkiv på å få rekruttert studentar og forskarar som kan vere med på å gjere ein jobb innanfor dette feltet.

– Vi sat saman ein liten halvtime her på arkivet og snakka litt om alt stoffet vi hadde fått inn. Eg er sikker på at vi kom på tema til minst 50 masteroppgåver som kunne skrivast, seier Hellesund.

Dei fleste HF-faga ville kunne ha nytte av dette arkivet, meiner dei to eldsjelene på arkivet. Ei moglegheit kunne for eksempel vere innanfor lingvistikk og etymologi.

– Tenk berre på alle orda som er innanfor dette fagfeltet. Soper, flatbankar, sodomitt, tvitulling og så vidare. Når, korleis og kvifor kom nettopp desse orda inn i språket vårt, spør Hellesund.

Vidare lister dei to opp fleire moglegheiter for studentar på SV-fakultetet, for dei som studerer psykologi og medisin og for dei på jussen.
– Det er stoff her for dei aller fleste fagområder. Og sidan det nesten ikkje er gjort noko som helst frå før av så er det mange moglegheiter både på master- og doktorgradsnivå, fortel Jordåen.

Må få folk til å forstå omfanget
På det året som har gått sidan Friele gav frå seg sitt arkiv og til no har Skeivt arkiv fått mange lovord, moralsk støtte og mange har ytra at dette både er gøy og på tide. Likevel står det ein heil del att med å få folk til å forstå kor viktig Skeivt arkiv er, fortel Hellesund.

– Vi sliter litt med å få folk til å forstå omfanget av dette. Mange folk trur at “det der homogreiene” det er vi ferdige med, Norge har kome så langt og vi er så flinke på dette området. Det har vi kanskje, men vi har jo ikkje kome langt når det gjeld å dokumentere denne historia.

Jordåen fekk også ein førespurnad frå ein student frå eit anna universitet som var interessert i å skrive masteroppgåve i historie om dette feltet.

– Studenten fekk då høyre frå sin rettleiar at dette feltet allereie var dekt. Det har vore skrive eit par hovudfagsoppgåver om det i historie og dei har dekka det feltet. Studenten hadde då fått inntrykket om at dette var ferdig bearbeida. Det var ikkje noko meir å gjere her, men det er jo heilt feil, fortel Jordåen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Det er ikkje berre møtereferat og dagbøker som har blitt sendt inn til Skeivt arkiv. Kasettar, blad og musikk har også funne vegen til Bergen. Foto: Karl Kristian Langeland.

Mange sit på unikt materiale
På ein arkivkonferanse no nyleg fekk Skeivt arkiv også mykje merksemd frå dei andre frammøtte på konferansen.

– Det var stor interesse for Skeivt arkiv. Mange kom bort til oss og sa at dei hadde noko materiale som er relevant for oss. Nasjonalbiblioteket har etter konferansen tatt grep og ynskjer å lyfte fram sitt skeive materiale. Andre arkiv og bibliotek har materiale, men det har ikkje blitt identifisert og løfta fram. Det virkar som om mange har lyst til å bidra til den skeive historia og då kan vi vere eit ressurssenter i forhold til det.

Skeivt arkiv håpar no at dei kan stimulere både til at nyttar seg av det materialet arkivet allereie har, men at dei også kan hjelpe arkivet med å løfte fram det dei måtte kome over i andre forskingsprosjekt.

– Vi ser no at folk plutseleg kjem på at dei har ting som er relevant for oss. For 10-20 år sidan var det berre noko seksuelle greier dei berre la til sides, men no forstår dei at dei faktisk sit på unikt materiale som må løftast fram, fortel Hellesund.

Skeiv historie er gamal historie
Det er viktig å vise at skeiv historie er meir enn berre dei siste 50 åra med homobevegelsen. Det er noko som er ein del av den lange norske kulturhistoria. Det er tematikk som har vore sentrale tabu og sentrale forhandlingspunkt i den norske kulturen så lenge vi har kjelder på det, fortel Hellesund.

Eit eksempel på det er ei historie som vart funne i arkiva til historikar Ola Teige. Ein ung mann vart i 1693 dømt til 29 piskeslag og brennmerking etter at han innrømte å ha “behandla andre menns legemer på ein avskyeleg og usømmelig måte”.

– Dette var noko som etter loven eigentleg skulle verte straffa med døden, men han slapp altså frå det med livet i behald. Kanskje fordi dette var noko myndigheitene ikkje ville skulle kome fram. Ein såg ofte det tidlegare at sodomisaker vart skjulte, fortel Hellesund.

Mange arkiv har funne vegen til UiB
Heile tre store bokhyller fylde til randen med grå pappesker er altså det som er Kim Friele sitt arkiv. Det var det fyrste og det største arkivet dei fekk inn. Etter det har det kome inn mykje meir.

– Vi har fått kring ti arkiv, mellom anna frå homoaktivistar. Anfinn Bernaas har mellom anna bidrege med mykje spanande materiale, for eksempel eit intervju med ein mann som var fødd i 1904, fortel Jordåen.

Mykje av det dei har fått inn er organisasjonsdokument og sakspapir, men mykje er også av meir personleg karakter og noko som betyr mykje for mange av dei som har levert det frå seg.

– Kim Friele seier at ho har grine mange tårer over å skulle gi fra seg arkivet, samstundes finn ho stadig nytt materiale ho vil sende inn til oss, seier Hellesund.

– Generelt vil eg seie at både ho og dei andre som har gitt oss materiale er veldig, veldig glade for at nokon vil ta vare på det. Det er så utruleg mange som har lyst å få fortelje si historie, men det er klart det er mange som har blanda kjensler til det fordi dei gjev frå seg noko som har betydd så mykje gjennom livet.

 –For mange som var med i homobevegelsen så var ikkje det berre noko reint organisatorisk. Det var ikkje berre eit politisk engasjement. Det var meir enn det. For mange var det kanskje litt som ein familie, dermed er det ikkje berre ei politisk historie, men ei personleg historie, supplerer Jordåen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skeivt arkiv har fått inn kring ti arkiv av ulik storleik. Her ser du materialet Anfinn Bernaas har sendt inn. Foto: Karl Kristian Langeland.

Lesbehyttetur på 50-talet
Skeivt Arkiv har også oppretta ei eiga nettside og ei facebookside der folk kan kome med kommentarar, tips og ikkje minst med eigne historier.

– Det stammar eigentleg frå eit dokumentasjonsprosjekt frå eit par år tilbake der vi prøvde å la folk sende inn det dei ville. Då fekk vi inn mykje spanande materiale, og tanken er å halde fram med den typen innsamling. I tillegg til alt det skriftlege vi får inn og videointervjua vi skal gjere så tenkjer vi det er fint at folk kan sende inn si skeive historie og vere med å utfylle og korrigere resten av materialet vi får inn. Om 20, 50 eller 100 år så vil desse historiene også vere viktige bidrag til den skeive historia, fortel Hellesund.

– Vi har så lyst å få ressursar nok til å kunne gjere fleire intervju. Vi ser at mykje av det vi får inn no er i stor grad offisielle papir, men det gjev berre ein del av biletet. Kva med dei sosiale implikasjonane. Korleis levde ein som lesbe på 1950-talet? Kvar budde ein? Kva var familierelasjonane? Korleis var ein hyttetur for lesber ut då? Vi treng meir materiale som kan gje oss desse bileta på korleis ting var før.

Ny nettside i mars
Nettsidene slik dei er no er berre ei mellombels løysing. I mars kjem det nye nettsider kan Jordåen fortelje.

– Det kjem mykje betre nettsider som vil ha mykje meir stoff. Der vil dei skeive historiene vere eitt element. Vi ynskjer mellom anna også å lage eit slags oppslagsverk der ein kan gå inn å få informasjon om det ein treng innanfor skeiv historie. Det vil kome videosnuttar, artiklar innanfor forskjellige felt og lenkjer til anna materiale som finns på andre bibliotek og arkiv.

Di historie betyr noko
-Vi må gjere oss kjende og ikkje minst gjere folk trygge på at vi tek vare på ting på ein god måte. Mange seier ofte at dei kanskje har noko oppe på loftet, men vi må klare å få dei til å gå opp på loftet og leite etter dette materialet og sende det til oss. Mykje av jobben framover blir å kontakte fleire for å få dei til å sende meir materiale til oss, seier Jordåen.

– Mykje av det vi har fått til no har vi jo fått av folk som er veldig bevisste på historia og på sitt eige materiale, men det sit garantert mange der som tenkjer at det eg har betyr ingenting. Det er då ingen som vil høyre om mi historie, men det er det, seier Hellesund.

– Det er enda eit eksempel på kor viktig det er at nokon jobbar spesielt med dette. Mange arkivinstitusjonar har ikkje vårt fokus på å jobbe inn mot dette feltet, seier Jordåen.

Journalisten gjer merksam på at Tone Hellesund er søster til Dag Hellesund, redaktør i På Høyden. Dag Hellesund har difor ikkje vore involvert i det redaksjonelle eller journalistiske arbeidet med denne saka. 

Powered by Labrador CMS