Ikkje alle studentar er skikka til det yrket dei ønskjer seg. Men institusjonsansvarleg Arne Tjølsen trur det er fleire som burde vore vurdert enn dei UiB har fått melding om.

Gjekk frå null til åtte skikka-vuderingar etter at forskrifta vart skjerpa

Publisert

Det siste året har Arne Tjølsen gjennomført skikka-vurdering av åtte studentar. Før 2017 var det ingen slike vurderingar på institusjonsnivå.

– Eg er ikkje heilt overtydd om at me har fått dei rette sakene, seier Arne Tjølsen.

Han er professor ved institutt for biomedisin, og i tillegg UiB sin institusjonsansvarlege for å vurdera om studentar er skikka for det yrket dei utdannar seg til. Sommaren 2016 vart «Forskrift om skikkethetsvurdering» skjerpa. Fleire utdanningar krev no ei slik vurdering, og i tillegg er talet på år ein kan verta utestengt auka.

For mange utdanningar (sjå faktaboks) er kravet at det skal gå føre seg ei løpande vurdering av om studenten er skikka eller ikkje. Utgangspunktet for alle sakene er at ein er skikka. Men dersom nokon vert i tvil om ein student er skikka for jobben ho eller han seinare skal gjera, kan ein melda frå. Då skal det gjennomførast ei såkalla særskilt vurdering.

Seks i 2017

Tal frå Database for høgare utdanning (DBH) viser at Tjølsen og UiB mottok seks tvilsmeldingar i 2017. Dei første månadane i år har Tjølsen fått eit par til.

– Det siste året har eg fått totalt åtte saker. Før det var det ingen saker som kom til UiB sin institusjonsansvarlege, seier Tjølsen.

– Men det var nok nokre saker som vart handsama lokalt på fakulteta. I tillegg var det nok saker som vart løyst på ein annan måte, anten ved at studenten ikkje fekk godkjent praksisperioden sin eller at det vart tilrådd at studenten avslutta studiet.

Totalt er det, med det studenttalet ein har no, 2882 UiB-studentar der det skal vurderast om ein er skikka eller ikkje. Det som skal verta vurdert er om studentane har dei føresetnadane som trengs for å kunne utøva yrket. Dersom det kan vera fare for liv og helse eller rettar og tryggleik for pasientar, elevar eller andre ein vil koma i kontakt med under praksis eller når ein er ferdig utdanna, er ein ikkje skikka for yrket. Det heiter det i forskrifta.

– Det er vanskeleg å vurdera kva som ligg i omgrepet «fare for psykisk helse». I dei sakene eg har fått inn, handlar det ofte om kommunikasjonsevner. God kommunikasjon er ein dugleik ein kan læra seg. Studentar er unge menneske – som nettopp skal læra, seier Tjølsen.

Tre av sakene han har handsama enda med at studenten har fått særskilt rettleiing med ekstra oppfølging. Ingen av sakene hamna i skikkaheitsnemnda, som er den som til slutt avgjer om studenten er skikka eller ikkje. Deretter går saka til Felles klagenemnd.

– Eg er ikkje overtydd om at dei studentane eg no har vurdert er fantastisk gode – men det handlar òg om juss. Kva må til for å verta kjent usikka? Det er ikkje nok å vera spesiell, seier Tjølsen.

Ved Høgskolen i Østfold vart det levert ei melding knytt til ein vernepleiestudent som sel topplausbilete av seg sjølv. Studenten hadde òg vore med i reality-programmet Paradise Hotel. Høgskulen si skikkanemnd konkluderte med at den kvinnelege studenten var skikka.

To saker for retten

Dei siste åra har to uskikka-saker vore prøvd for retten. Universitetet i Oslo vann nyleg mot ein mannleg psykologistudent i tingretten. Ankefristen har ikkje gått ut i denne saka. NTNU vann òg mot ein psykologistudent, i lagmannsretten i 2017.

I begge sakene handlar det på mange måtar om kommunikasjon. Saka ved UiO skildrar ein student som mellom anna, ifølgje vedtaket frå Felles klagenemnd, har manglande vilje eller evne til å samarbeida og kommunisera med medelevar. Dette skriv Uniforum. Dommen mot studenten skildrar ei seksualisert åtferd.

I saka frå NTNU mottok universitetet varsel om studenten etter at han hadde praksis. Dei fortalte om fleire negative hendingar knytt til studenten. Det vart òg peika på at studenten uttrykkjer seg munnleg svært formelt og tidvis uklårt, og at han stiller underlege spørsmål og kan koma med påfallande utsegner, skriv Khrono.

Tjølsen seier at alle tilsette ved utdanningsinstitusjonane har plikt til å melda frå dersom dei meiner at ein student er uskikka. Medstudentar, pasienter og praksislærarar har ikkje same plikt, men har høve til å melda frå om det er noko dei stussar på. I 2016 vedtok Studentparlamentet ved UiB at UiB bør opna for at studentar kan varsla anonymt om medstudentar dei meiner ikkje er skikka.

Ikkje berre i studiesituasjonen

Og varsla anonymt kan dei. Men dersom det vert ei formell sak, kan ein ikkje lenger vera anonym, fortel Tjølsen.

– Eg ønskjer å motta fleire meldingar enn eg har gjort så langt. Eg meiner dette er ei nyttig ordning, òg for den som vert vurdert. Sakshandsaminga er open for den det gjeld.

Men det betyr at når ei sak vert handsama i skikkaheitsnemnda vil ein ikkje lenger kunne vera anonym.

– Me må ha vitneobservasjonar for å kunne handsama ei sak. For den som vert vurdert er det ei stor påkjenning. Det er nok at eitt menneske er i tvil om ein er skikka, seier Tjølsen.

Han seier at medstudentar kan reagera på det som føregår utanfor sjølve studiesituasjonen.

– Men kor går grensa for kva aktivitetar som kan gjera deg usikka?

– Det er lov å vera full, og det er lov å gjera dumme ting. Men nokre ting vil utan tvil gjera deg usikka, som bruk av narkotika, overgrep eller annan kriminalitet.

– Kva med #metoo-saker, altså seksuell trakassering?

– Det vil òg kunne gjera deg uskikka.

Det same vil psykisk sjukdom kunne gjera. Tjølsen seier at han gjennom arbeidet som medisinprofessor har møtt studentar som har ein psykisk sjukdom. Nokre av dei klarar ikkje å fullføra studiet.

– Ein kan absolutt stilla spørsmål ved om studentar som er psykisk sjuke er skikka for desse yrka. I dei sakene eg så langt har handsama har det ikkje vore tema, men me har hatt det oppe som tema når me har hatt nasjonale møte knytt til vurdering om studentar er skikka eller ikkje, seier Tjølsen.

Desse utdanningane krev skikka-vurdering

Barnehagelærar
Lærarutdanning, lektorutdanning, samt praktisk-pedagogisk utdanning
Audiograf
Barnevernspedagog
Bioingeniør
Ergoterapeut
Farmasøyt
Fysioterapeut
Jordmor
Klinisk ernæringsfysiolog
Lege
Optikar
Ortopediingeniør
Psykolog
Klinisk ernæringsfysiolog
Radiograf
Sosionom
Sjukepleiar
Tannlege
Tannpleiar
Tannteknikar
Vernepleiar
Paramedicutdanning
Profesjonsutdanning i teologi
Trafikklærarutdanning
Logopedutdanning
Utdanning i spesialpedagogikk
Tolkeutdanning i teiknspråk

Kjelde: Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning

Powered by Labrador CMS