Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Barn får oftare psykiske helseplager av skilsmisse dersom dei mister kontakt med den eine forelderen. Dei nye forskingsresultata er publiserte internasjonalt, og gir eit stikk til norsk barnelovgiving.
I ein artikkel i det anerkjende vitskaplege tidsskriftet Journal of Public Health viser forfattarane Simone Frizell Reiter, Stefán Hjörleifsson, Hans-Johan Breidablik og Eivind Meland at det ikkje er så vanskeleg å vere skilsmissebarn som ein ofte har inntrykk av: Skilsmissebarn generelt har ikkje meir psykiske plager enn barn utan skilsmisseerfaring. Men dei som har mista kontakten med ein av foreldra, i dei fleste tilfella far, har oftare psykiske vanskar enn dei andre gruppene. Større stigma før - Han har drive utstrakt datainnsamling på vidaregåande skule, og noko av det han har hatt fokus på er å sjå på psykisk helse i samanheng med skilsmisse, fortel professor Eivind Meland. Undersøkinga bygger på fire spørjeundersøkingar gjennomført blant elevar på vidaregåande skule i perioden 1997 til 2009, og 3414 elevar deltok. Sogn og Fjordane har hatt ein lågare skilsmisseprosent enn resten av landet, og Meland reknar at fylket ligg 15-20 år bak utviklinga i resten av landet. Det er interessant fordi det kan virke inn på helsa til ungdommane kor sosialt akseptert det er å skilje seg. Frå 1997 til 2009 hadde talet på unge med skilsmisseerfaring auka med 6,8 prosentpoeng, til ca. 27 prosent. - Den stigmatiserande effekten av skilmisse var kanskje større for 50 år sia enn han er i dag, seier Meland til På Høyden. - Vi går ut frå at stigma og fordommar blir færre når skilsmisse blir meir vanleg. Difor venta vi å finne at det blei færre psykiske problem når det blei meir vanleg med skilsmisse. Men vi fann at sjølv om det blei fleire skilsmisser, blei det ikkje færre med psykiske problem, og at det var det å miste kontakten med ein av foreldra som var det mest avgjerande for den psykiske helsa, fortel stipendiat Simone Frizell Reiter. Ho har gått forskarlinja på medisinstudiet, og byrja som stipendiat i haust. Og den første publiseringa har det altså gått svært bra med, og ho er blitt kontakta av Universitetet i Oxford for å fortelje meir om studien. Depresjon og angst - Vi har ikkje funne at helseeffektane etter skilsmisse blir mindre med tida, fortel Meland. Det mest oppsiktsvekkande i artikkelen er at det er eit så klart skilje mellom unge som mister kontakten med foreldra etter ei skilmisse, og dei som ikkje gjer det. Dei som berre har kontakt med ein av foreldra etter ei skilsmisse har tre til fire gonger så ofte helseplager i høve til gruppa som ikkje mister kontakten. Helseplagene ungdomane rapporterer om er psykosomatiske plager som vondt i hovudet, magen, ryggen og anna. Andre rapporterer om angst, mens ei tredje gruppe har depressive plager. Stipendiat Simone Frizell Reiter og professor Eivind Meland publiserer ny forsking som viser at barn som berre har kontakt med ein av foreldra etter ei skilsmisse, har større sjanse for å få psykiske plager enn barna som framleis har kontakt med begge foreldra. Foto: Dag Hellesund Steforeldre ikkje nok - Det er faktisk meir skadeleg med ein forelder som berre er borte, enn ein som er daud. Vi ser at sjølve skilsmissa ikkje er det mest inngripande i den psykiske helsa til barna, men den tapte kontakten. Det er veldig skadelig for barn å bli dratt inn i konfliktar som kan oppstå mellom foreldre, seier Meland. I forskinga er omgrepet Parental Alienation Syndrome brukt, og det har mellom anna vore arbeidd for å få det inn som ein diagnose i USA, på linje med posttraumatisk stress-syndrom og andre liknande diagnosar. Åtvarer mot å la barn avgjere - Ein har ikkje klart å få dette til på ein god nok måte i dei lovene og rettspraksisen vi har i dag, meiner han. - Alle barn er avhengige av foreldra sine, og om dei blir ammunisjon i foreldrekrigen har dei ikkje ein sjanse. Det er godtruande å la barnet ta slike avgjerder, seier Meland. Målet med barnelovgivinga er at rettane til barn skal stå i fokus. Men om foreldra er usamde vil retten som hovudregel avgjere at barnet skal bu fast hos den eine, ifølgje § 36 i Barnelova. - Forelderen som får hovudomsorga blir økonomisk kompensert, og det er jo heilt riktig. Men diverre er det slik at lova opnar for at ordninga kan misbrukast, og det er ofte mor som får forrang her. Om dei derimot ikkje blir einige skal retten som hovudregel idøme bustad hos éin av foreldra, og retten er i stor grad låst til å gjere den andre til samværsforelder. Her kunne delt bustad alternativt vore hovudregelen, meiner Reiter.
Studien bygger på data innsamla av kommunelege Hans-Johan Breidablik i Førde.
Tidlegare har ein trudd at dei negative effektane av å skilje seg forsvinn over tid, men den nye forskinga tyder på det motsette:
Tidlegare studier har vist at for barn som mister kontakten med ein av dei biologiske foreldra hjelper det ikkje nødvendigvis på plagene om det kjem inn ein ny steforelder. Ungdom der ein av foreldra har døydd rapporterer heller ikkje oftare om slike plager.
Meland peiker på at sjølv om intensjonen til norsk barnelovgiving er at barn skal ha kontakt med begge foreldra etter ei skilsmisse, er det likevel mange som mister kontakten.
Han åtvarar mot å la ungane vere utslagsgivande i spørsmål om omsorgsrett, slik barneminister Inga Marte Thorkildsen har signalisert at ho vil opne meir for.