Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Alvorlege psykiske lidingar er eit stort helseproblem på verdsbasis. Onsdag 6. april opna forskarskulen i integrert nevrovitskap, som tek mål av seg til å betre forståinga av mekanismane bak slike lidingar.
Det er Det medisinske og Det psykologiske fakultetet som har gått saman om å danne ”International Graduate School in Integrated Neuroscience” (IGSIN). Forskarskulen er forankra i Bergen Mental Health Research Center (BMH-senteret), og målsettinga er ikkje mindre enn å forstå årsakene til, og finne behandlingsmetodar for, alvorlege mentale sjukdommar. Og dessutan å ha det kjekt på vegen. – Det finst mange teoriar for korleis mentale lidingar oppstår og utviklar seg, men det er vanskeleg å isolere årsaker. Vi kjenner ikkje mekanismane, og klassifikasjonen av lidingane er baserte på symptom. Medikamentell behandling har ofte uheldige biverknader, og pasientane responderer ulikt på behandlinga. Vi vil forstå samanhengen mellom molekyl, gen og ein pasient sine symptom, og ei tverrfagleg tilnærming er nødvendig for å gjere framgang. Direktør for IGSIN og professor ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, Håkan Sundberg, trakk fram den tverrfaglege profilen som svært viktig.
– Dette er ein dag for feiring, men når det gjeld forskingsfeltet vårt, skal vi hugse at vi har ein lang veg å gå før vi kan feire, sa professor ved Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin, Vidar Steen.
Han er ein av opphavmennene til BMH-senteret og forskarskulen. Steen lista opp mange døme på utfordringane forskarane møter i arbeidet med mentale sjukdommar som Schizofreni og manisk-depressive lidingar.
Mange spørsmål, få svar
Forskarskulen tilbyr ei fullstendig PhD-utdanning for fire-fem nye studentar kvart år. Stipendiatane blir tekne opp anten på Det medisinske eller Det psykologiske fakultetet. Skulen får finansiering frå Forskingsrådet og frå den tyske Krupp-stiftinga, i tillegg til UiB og Helse Vest. IGSIN vil vere ein del av eit internasjonalt forskarutdanningsnettverk initiert av Krupp-stiftinga, og stipendiatane vil også få tilbod om sommarskular og forskingsopphald i utlandet. Både rektor, dekanane ved medisin og psykologi, administrerande direktør i Helse Bergen og ein representant frå Krupp-stiftinga var på plass for å gratulere ved opninga av forskarskulen, og for å uttrykkje sine store forventingar til arbeidet.
Den tenkjande hjernen
– Vi vil formidle at hjernen fungerer som ein heilskap. For å forstå kvifor vi handlar som vi gjer, er det ikkje nok om forskarane vi utdannar, blir spesialistar på sitt eige vesle felt. Dei må også ha ei forståing av kva andre kan bidra med. Målet er å forstå den tenkjande, friske eller sjuke, hjernen. Mekanismane er kompliserte, og det tyder at vi som forskarar må skjøne kvarandre, elles blir kunnskapen fragmentert. I vår gruppe har vi eit spennande miljø med folk med forskjellig bakgrunn, og eg er heilt overtydd om at vi får betre forskarar av det, sa han til På Høyden.
Som del av BMH-senteret vil forskarskulen også vere nært knytt til psykiatridivisjonen, og ein del av målsettinga vil vere å utdanne psykiatrar med tverrfagleg tilnærming til klinisk praksis.