Skivebom frå Broch-Due og Rettberg

Publisert

LESARINNLEGG: Innlegget «Slipp stemmene løs» frå prorektorkandidat Vigidis Broch-Due og Jill Walker Rettberg som stod i På høyden onsdag 6-2-13 vitnar om rystande kunnskapsløyse om valreglane ved UiB og om frie, demokratiske val generelt.

Dette er eit svar til  Vigidis Broch-Due og Jill Walker Rettberg sitt innlegg «Slipp stemmene løs».

Ved frie, demokratiske val er det faktisk ikkje slik at ein bind røysta si fordi om ein ope støttar ein av kandidatane i tida før valet.  Eit av dei viktigaste kjenneteikna ved frie, demokratiske val er at stemmegjevinga er hemmeleg og anonym, slik er det også ved UiB (med mindre valstyret bestemmer at valet skal haldast i valmøte jf valreglementet § 7-4, noko det ikkje er tradisjon for ved rektorval). Sjølv om ein veljar uttrykkjer si støtte til ein av kandidatane, tydar dette likevel ikkje at denne veljaren har bunde røysta si. På valdagen står alle veljarar heilt fritt til å røysta på den kandidaten, eller i dette tilfellet – det rektorteamet, den einskilde veljar meiner er best.

Krav til uttrykt støtte frå veljarane
I Valreglementet for Universitetet i Bergen § 19-5 andre ledd står det «Forslag må være underskrevet av minst fem stemmeberettigede universitetstilsatte eller studenter.» Altså må minst 5 røysteføre personar stadfesta at dei er viljug til å støtta ein bestemt rektor- og prorektorkandidat, for at desse skal kunna stilla til val. Dette tyder likevel ikkje at ikkje også desse fem har eit fritt val på sjølve valdagen. Slikt krav til at eit bestemt tal røysteføre personar må signera listeframlegget finn vi og igjen i vallova for kommune-, fylkestings- og Stortingsval, og her er kravet til signaturar langt høgare (sjå vallova § 6-3). Heller ikkje ved kommune-, fylkestings eller Stortingsval er ein på nokon måte bunden til å røysta på det partiet ein har signert listeframlegget for. Sjølv om eit parti som stiller til val kanskje ikkje får nok røyster til å få eit mandat i kommunestyre, fylkesting eller Storting, kan det at dei stilte til val ha bidrege til å styrkja valkampen. Småpartia kan ha fått saker på bana som elles ikkje ville ha kome fram i løpet av valkampen. Difor er det ein styrke å ha fleire kandidatar i valkampen. Slik er det og for rektorvalkampen.

Open og fri valkamp
Valkampen er ei viktig oppkøyring til sjølve valdagen. Det er i valkampen ein får høve til å verta kjend med dei ulike rektorkandidatane, få vita kva kvar av dei står for, og korleis dei ser for seg å føra UiB vidare dei neste fire åra. I vår ligg det så langt an til ein duell mellom Team Olsen og Atakan med følgje.  Skulle det koma fleire kandidatar innan fristen 27.februar, ønskjer eg som veljar dei hjarteleg velkomne. Det er ingen tvil om at det offentlege ordskiftet i valkampen vert styrkt av at det er fleire kandidatar, i tillegg til at motstand bidreg til å skjerpa den einskilde kandidaten og styrka motivasjonen for rektoroppgåva ytterlegare. Sjølv om ein i utgangspunktet har tillit til den eine av kandidatane, tyder ikkje dette at ein ikkje kan endra meining i løpet av valkampen. Også dei som har uttrykt si støtte til den eine eller den andre kandidaten tidleg i valkampen kan endra meining. Dette er ein naudsynt konsekvens av ein god, open og fri valkamp. På valdagen er det berre den einskilde veljar som veit kva han eller ho har enda opp med å røysta.

Ingen bundne røyster
Det er skremmande å sjå at prorektor- og viserektorkandidat ikkje har større kjennskap til korleis demokratiske val generelt, og ved UiB spesielt skjer. Dei påstår at Team Olsen har bunde røyster til sitt kandidatur fordi ulike personar ope har uttrykt si støtte til deira kandidatur og «forpliktet seg til å stemme på team Olsen(….)». I eit demokratisk val er det ingen som forpliktar seg til noko som helst. Ved å omtala valet på ein slik måte som dei gjer i innlegget av 6/2, oppnår ikkje Broch-Due og Rettberg anna enn å trekkja valordninga ved UiB i tvil, i tillegg til å avsløra si eiga kunnskapsløyse om demokratiske val.

Godt val!

Ingrid E. Tøsdal
seniorkonsulent ved Det juridiske fakultet og statsvitar

 

Powered by Labrador CMS