Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Professor John Birks vart sist veke valt til æresmedlem av the Botanical Society of Scotland.
- Eg er svært glad, Skottland har vore viktig for meg i mi karriere som botanikar. Det var der eg tok doktorgrad i 1969 og eg har jobba, og jobbar framleis mykje med skotsk vegetasjon, seier John Birks, som sjølv er engelsk.
Birks får utmerkinga som ei anerkjenning av hans store bidrag til kunnskapen og forståinga av skotsk vegetasjon, i notid og fortid. Han er professor i kvantitativ økologi og paleoøkologi ved UiB. Han har også bistillingar ved University College of London og Queens University, Ontario og underviser ved ei rekke universitet.
John Birks er involvert i forsking på ei rekke felt, mellom anna jobbar han med eit prosjekt om forureining på Spitsbergen, med skotsk og vestnorsk vegetasjon, vegetasjonshistorie, miljøhistorie og mykje anna. Birks har eit stort internasjonalt nettverk og vurderer manuskript og artiklar for ei rekke faglege tidsskrift.