Skral interesse for styreplass ved UiB

Publisert

Det ser ut til at dei vitskapeleg tilsette har lite lyst til å sitje i universitetsstyret. Først etter at forslagsfristen gjekk ut onsdag fekk valstyret ved UiB samla nok kvalifiserte kandidatar.

Kandidatane til styrevalet er no klare frå alle kategoriar av tilsette ved Universitetet i Bergen. Men dei vitskapeleg tilsette (gruppe A), som hadde den høgaste valdeltakinga ved rektorvalet, og dei mellombels vitskapeleg tilsette, måtte ha hjelp frå det sentrale valstyret før dei kunne stille tilstrekkeleg med kvalifiserte kandidatar.

– Isolert sett var det nok kandidatar i gruppe A, men vi hadde berre ei kvinne. Vi trengte tre for å oppfylle valreglementet, seier Per Gunnar Hillesøy ved Kollegiesekretariatet.

Dei to siste kvinnelege kandidatane til gruppe A som er no formelt fremma av det valstyret ved UiB. I gruppe B var det for få kandidatar og for få menn då fristen gjekk ut. Også her har det no ordna seg med fleire kandidatar.

I gruppe av teknisk/administrativt tilsette (gruppe C) var både talet på kandidatar og kjønnsbalansen i orden i god tid før fristen.

Valet skal gjennomførast elektronisk og skal skje i perioden 4.-12. mai for gruppe C og i perioden 9.-19. mai for gruppe A og B.

Gruppe A (faste vitskapeleg tilsette):

Dag L. Aksnes, professor, Institutt for biologi (foreslått av Ernst Nordtveit, Odd E. Havik, Rune Nilsen, Torfinn Taxt, Vigdis Songe-Møller, Anne Marit Blokhus, Geir Anton Johansen)

Audun Holme, professor, Matematisk institutt (Foreslått av Arne Stray, Knut S. Eckhoff, Kari Wærness)

Alfred Halstensen, professor, Institutt for indremedisin (Foreslått av Nils Erik Gilhus, Magne J. Raadal, Gerd Kvale)

Ane Landøy, fakultetsbibliotekar, Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek (Fremma av Det sentrale valgstyret)

Gro Therese Lie, professor, Institutt for utdanning og helse (Foreslått av Ole A. Sæther, Lita Greve Jensen, Endre Willassen)

Lisbeth Mikaelsson, professor, Institutt for klassisk filologi, russisk og religionsvitenskap (fremma av Det sentrale valstyret etter forslag frå Gunnstein Akselberg, Bente Alver, Jan Oskar Engene, Sølve Hellem, Finn Konow Jellestad, Ørnulf Rasmussen)

Leif J. Sæthre, professor, Kjemisk institutt (Foreslått av Ole A. Sæther, Lita Greve Jensen, Endre Willassen)

Frode Thorsen, førsteamanuensis, Griegakademiet-Institutt for musikk (Foreslått av Harald Bjørkøy, Audun Kayser, Einar Røttingen


Gruppe B (Mellombels vitskapeleg tilsette)

Astrid Louise Grasdal, postdoktor, Institutt for økonomi
(Foreslått av Leikny Lunde, Humberto Fonseca Mendes, Ragnhild L. Muriaas)

Knut Høivik, stipendiat, Det juridiske fakultet
(Fremma av Det sentrale valgstyret)

Kristian Løvås
(fremma av Det sentrale valstyret etter forslag frå Anne Ma Dyrhovde Riise, Ingrid Smith, Line Wergeland)

Vigdis Vandvik, postdoktor, Institutt for biologi
(Foreslått av Inger Elisabeth Måren, Louise Lindblom, John Arvid Grytnes)


Gruppe C (teknisk/administrativt tilsette):

Kjell Trengereid, Inst. for fysikk og teknologi (foreslått av Forskerforbundet)

Gry Kibsgaard, Det odontologiske fakultet (foreslått av Parat)

Kristine Breivik, Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet(foreslått av Parat)

Gunnar Torsnes, Personal- og økonomiavdelingen (foreslått av Parat)

Henrik Tøndel, Inst. for adm.org. (foreslått av Parat)

Powered by Labrador CMS