Skryt til fadderveka

Publisert

Under årets fadderveke gjekk rektorane ved UiB og Høgskolen i Bergen faddervakt saman. UiB-rektor Dag Rune Olsen er godt nøgd med årets mottak av studentar, men ønskjer seg endå meir samarbeid med dei andre institusjonane neste år.

– Ved å stilla opp ga me støtte til eit strålande initiativ. Me fekk innsikt og førstehandskunnskap – og så var det veldig hyggeleg, seier rektor Dag Rune Olsen.

Saman med prorektor Anne Lise Fimreite og mellom andre Ole Gunnar Søgnen, som er rektor ved Høgskolen i Bergen, gjekk Olsen faddervakt under fadderveka.

– Me gjekk to eller fire personar saman i kvar våre løyper. Me snakka med studentar som stod i kø for å koma inn på uteplassane, nokre trengte hjelp med retninga, og andre trengte litt støtte, seier Olsen.

– Alle var veldig hyggelege – og rosa ordninga, legg han til.

Om lag klokka tre om natta kunne faddervaktene gå heim.

– Me vart redda av regnet, humrar Olsen.

– Dei fleste studentane gjekk heim då utestadane stengte.

Studentane frå Det samfunnsvitskapelege fakultetet hadde kledd seg ut under rebusløpet, desse som amerikanerar. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Til styret
Torsdag skal universitetsstyret handsama ei sak om fadderveka. I saksutgreiinga vert det lagt vekt på at mykje fungerte svært bra i år, og at både kursing av fadrar, sterkare kopling mellom leiinga ved dei ulike fakulteta og fadderstyra, og godt samarbeid både internt ved UiB og med fadderstyra ved dei andre utdanningsinstitusjonane, var noko av årsaka til det.

– Styringa av fadderveka er framleis opp til studentane, men UiB set nokre føringar. Det er viktig at fadderveka vert arrangert i fellesskap, og at det ikkje berre er sosiale aktivitetar, men òg faglege, seier Olsen.

I år hadde dei fleste fakulteta faglege eller fagrelevante arrangement i samband med studiestart. Fleire fakultet arrangerte fagdagar i samarbeid med institutta.

Ville selja inn positive saker
I fjor var det skrive mykje om fadderveka i media. Ifølgje sakspapira hadde ein i år ein medieplan, og det står at «dekningen i selve fadderuken ser ut til å være meir balansert i år enn i fjor».

– Kvifor har de ein eigen medieplan og så mykje fokus på media?

– Det er leiinga som har ein medieplan. Det betyr at dersom ein opplever tragiske saker – det kan vera både i fadderveka og elles – er me førebudde på kva me skal seia. Me skal ikkje lata oss lokka til å snakka om enkeltpersonar, i alle fall ikkje i saker der me er usikre på om alle dei pårørande er varsla, seier Olsen.

I sakspapira heier det at hovudmålet for medieplanen var å bidra til å auka merksemda om breidda og mangfaldet av arrangement og tiltak under fadderveka.

– Studentane hadde ønskje om å selja inn positive saker. Me har valt å vera opne overfor media, og har fora dei med sakleg informasjon. Men det er redaksjonane som plukkar opp det dei synest er interessant. Det kan me ikkje styra – og det skulle berre mangla, seier Olsen.

I år har både faddervaktordninga og SiB sitt «lykkepromille»-prosjekt fått positiv omtale.

– Felles ansvar
Det vart registrert ei negativ sak i media, om rot og grising i Nordnesparken i samband med ein fadderfest i UiB-regi.

Men det er ikkje berre UiB som tek i mot studentar om hausten.

– Reagerer bergensarane på det samla trykket?

– Eg skjønar at det ikkje er lett å sjå skilnad på dei ulike faddergruppene. Fadderveka er eit fenomen institusjonane har felles ansvar for – me kan ikkje seia at «i år var våre studentar eksemplariske – det var dei andre som laga bråk», seier Olsen.

Han vil difor gjerne ha meir samarbeid med dei andre utdanningsinstitusjonane, og meir samarbeid mellom dei ulike fakulteta ved UiB.

– Før neste fadderveke meiner eg at me til dømes bør diskutera om utdanningsinstitusjonane saman bør setja opp nattbuss som ein del av faddervaktordninga, seier Olsen.

– Kva er styret si rolle i forhold til fadderveka?

– Styret vil verta orientert. Først no, med ei første oppsummering, og så vil dei verta orientert om eventuelt nye tiltak. Men dette er ikkje ei sak styret skal jobba detaljert med, seier Olsen.

Han nemner vidare kursing av fadrar og koordinering mellom fakulteta som to saker han meiner det er naturleg å sjå meir på.

Mange ferske studentar var samla då det akademiske året vart starta. Denne veka gjekk faglege og sosiale aktivitetar hand i hand. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

 

Framsidefoto: Ingvild Festervoll Melien

 

Powered by Labrador CMS