Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Internkontrollen har fungert, seier UiB etter at Datatilsynet varsla bot på 250.000 kroner. Rektor meiner det er prosjektleiaren sin feil at 13.000 hordalendingar som ikkje hadde gitt samtykke vart forska på.
– Systemet byggjer på at det vert gitt korrekte og utfyllande svar på spørsmål til prosjektleiaren. I dette tilfellet har prosjektleiaren ved fleire høve gitt mangelfull eller feilaktig informasjon, òg når han har fått konkrete spørsmål om moglege avvik frå konsesjonsvilkåra. Det skriv rektor Sigmund Grønmo i eit brev til Datatilsynet, ifølgje. Det var i september det vart kjent at 13.000 hordalendingar som ikkje hadde gitt samtykke, likevel vart forska på. Dei sa nei til å vera med i Helseundersøkelsen i Hordaland på 1990-talet, men helseopplysningane deira har likevel vorte forska på. Prosjektleiar Arnstein Mykletun var tilsett ved UiB då prosjektet vart sett i gang, men er seinare vorte tilsett ved Folkehelseinstituttet. Han har likevel framleis ein professor II-stilling ved UiB. Til redelighetsutvalet Grønmo seier til BT at redelighetsutvalet skal handsama saka. Rektor håpar dette vil skje i løpet av året. I brevet til Datatilsynet skriv Grønmo at det ikkje er rett at Mykletun tok datamaterialet med seg over til Folkehelseinstituttet. Alle data prosjektleiaren ikkje hadde rett til å ha, er no ifølgje Grønmo sletta. Skuffa over manglande støtte – Det universitetet viser til som «flere anledninger» er to høve. Ein e-post eg oversåg i 2006 og eit skjema eg ikkje fylte ut korrekt i 2008, skriv Mykletun. Han meiner internkontrollorganet har vore betre orientert enn det som kjem fram av svaret frå UiB. Mykletun skriv at dei ved fire høve godkjente manus før publisering. – Styringsorganet kunne òg sjølv ha sjekka data dei oppbevarte, spurt leiaren for styringsgruppa eller sendt ei purring på e-posten eg oversåg, skriv Mykletun til BT. Han innrømmer ansvar, men meiner det er ein svikt i UiB sitt kontrollsystem som er årsaka til tabben. Mykletun sitt professor II-engasjement går ut i januar. Rektor Grønmo vil ikkje svara på om Mykletun vanlegvis ville fått fornya dette.
Det er Bergens Tidende som skriv om saka. I følgje avisa vil UiB no reagera overfor prosjektleiaren fordi dei meiner han ikkje har gitt tilstrekkeleg og korrekt informasjon. Datatilsynet meiner at saka viser svikt i internkontrollen ved UiB, sidan avvika ikkje vart oppdaga av universitetet. Difor varsla dei bot på 250.000 kroner.
Mykletun skriv i ein e-post til Bergens Tidende at han er skuffa over at ein tydelegvis ikkje kan venta støtte frå Universitetet.