Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Universitetsleiinga skulda på prosjektleiaren. Men Datatilsynet slær fast at internkontrollen ikkje var god nok, og gir UiB ein bot på 250.000 kroner.
Internkontrollen er ikkje tilfredsstillande skriv Datatilsynet i eit brev til UiB. I september vart det kjent at Datatilsynet ville gi UiB ei bot på 250 000 kroner fordi 13.000 hordalendingar som ikkje skulle forskast på likevel vart det. Det handla om den store Helseundersøkinga i Hordaland (HUSK). I svarbrevet til Datatilsynet skulda rektor på prosjektleiaren, og sa at han ikkje hadde gitt tilstrekkeleg og korrekt informasjon. – Fyller ikkje krava Prosjektleiar Arnstein Mykletun har i eit eige brev til Datatilsynet forklart korleis han ser på saka. Til På Høyden sa han tidlegare i november at det var fleire som kunne oppdaga konsesjonsfeila. Han viste til at det var ei eiga styringsgruppe for HUSK, og skriv i brevet at alle artiklar som er skrive med bakgrunn i dataa frå helseundersøkinga vart godkjent av leiaren av styringsgruppa. Ho har ikkje villa kommentera saka, men skreiv i eit svar som ligg ved brevet til Datatilsynet at ho ikkje alltid har kapasitet til å lesa nøye alle manuskripta som kjem inn. Datatilsynet legg vekt på at det er verksemda sin øvste leiar som har ansvaret. Dei skriv at eit system som legg opp til at ein enkeltperson er den einaste som kan avdekka avvik, ikkje fyller krava til eit fungerande internkontrollsystem. – Verksemda har ansvaret – Difor har me eit regelverk som er retta mot verksemda. Fleire forskingsorganisasjonar har ei forskingsavdeling med støtteapparat bak forskarane, slik at dei slepp å setja seg inn i regelverket, seier Lauvset til BT. Mykletun sa noko av det same til på Høyden. Han var doktorgradsstipendiat då han tok på seg arbeidet med å vera prosjektleiar, og seier no at han ikkje heilt skjønte kva ansvar han tok på seg. – Eg hadde ikkje fått kursing i å søkja konsesjonar, og eg hadde ikkje noko administrativ støtte. Dersom eg hadde visst kva ansvar det var å vera prosjektleiar på ein konsesjon ville eg ikkje tatt på meg denne oppgåva, sa Mykletun. Vil ikkje klaga – Me skal gå gjennom internkontrollsystemet vårt for å sjå om me kan gjera rutinane og systemet betre, seier rektor. Framsidefoto: Paul-Erik Rosenbaum
No skriv Bergens Tidende at universitetet likevel får bot.
Datatilsynet sin seniorrådgivar Eirin Oda Lauvset seier til Bergens Tidende at det ikkje alltid er overkomeleg for ein enkeltforskar å ha oversikt over det kompliserte regelverket rundt forskingsprosjekt.
Rektor Sigmund Grønmo seier til Bergens Tidende at universitetet tek boten til etterretning. Han seier at han ikkje reknar med at UiB kjem til å klaga på vedtaket.