Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I samarbeid med Institutt for geovitskap har fire elevar frå Sotra Videregående Skole utvikla ein teori om kva som var årsaka til ”Rocknes”-grunnstøytinga. Dei legg skulda på den lite kjende ”squat-effekten”.
Når eit skip går over ei undersjøisk grunne, vil vatnet under skroget strøyme fortare enn elles. Det skapar eit undertrykk som trekk skipet ned mot botnen, forklarer Stian Garlid, ein av elevane bak undersøkinga, til Bergens Tidende.
Arbeidet til elevane kan også gje det nøyaktige tidspunktet for grunnstøytinga. Dei har funne seismisk aktivitet i området på seismogram frå ein målestasjon på Espegrend. Nye rørsler nokre minutt seinare, kan skuldast ein såkalla boblepuls, ein type støy som er godt kjent frå seismiske undersøkingar der ein nyttar luftkanonar. I intervju med Bergens Tidende gjer elevane nøye greie for teorien. Dei har også nytta dei seismiske registreringane til å rekne ut riftene i skroget på ”Rocknes”, og resultata høver godt med dei reelle skadane.
– Gutane har gjort ein god jobb, seier professor Eystein S. Husebye ved Institutt for geovitskap.
Han tok i si tid initiativ til å opprette eit nettverk av digitale seismometer i skulegardar. Slik kan elevane få kjennskap til seismologisk datainnsamling og prosessering, og forskarar ved instituttet stiller opp med arbeidsoppgåver og hjelp til dei som er interesserte. ”Rocknes”-oppgåva er ein avleggjar av dette skulenettverket.
– No har skulane permanent internett-tilkopling, slik at dei kan overføre data direkte. Prosjektet er med på å vekkje interesse hjå elevane, og vi får data av profesjonell kvalitet til låge kostnader, fortel Husebye.
Elevane si interesse for ulukka vart vekt då dei såg at jordskjelvstasjonen ved UiB hadde registrert grunnstøytinga på sine seismogram. Dei lurte på om ulukka også kunne vere registrert av seismografen på skulen, og dermed var ideen til prosjektoppgåva klar.