Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ivar Utne opplevde stemninga utanfor Knut Fægris hus som så truande at han ikkje våga seg inn på tilstellinga. Under oppryddinga dagen etterpå stakk ein UiB-tilsett seg på ei brukt sprøyte.
Onsdag 5. september hadde Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (LLE) ei avskilsmarkering i representasjonsvillaen Knut Fægris hus for ein av medarbeidarane som hadde gått av med pensjon. Over 50 gjestar var invitert. Etter at dei fleste gjestane var komne til villaen starta det å regne. Fleire av rusmisbrukarane søkte under tak øverst på trappa. – Ikkje aktuelt å gå inn – Eg vart svært overraska. Eg hadde ikkje tenkt meg moglegheita av at det stod narkomane og fylte opp trappa, seier Ivar Utne til På Høyden. Han er førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier. Ein UiB-tilsett som stod på innsidan fortel til På Høyden at det stod to personar øverst i trappa og hadde ein aggressiv diskusjon om pengar. Den eine var svært muskuløs, og hadde med seg ein stor schäfer. To personar stod lenger nede i trappa. Ivar Utne opplevde situasjonen som så trugande at han valde å snu. – Eg frykta at dette kunne verte ein situasjon der eg vart stengt inne. Det var ikkje aktuelt å gå opp trappa utan politi eller vakter, seier Utne. Utne prøvde å kome i kontakt med nokre av dei som var inne i villaen, utan å lukkast. Etter å ha venta litt på Studentsenteret, valde han å gå heim. Ventar framleis på HIV-resultat Mannen fortel til På Høyden at hendinga var svært ubehageleg, og at uvissa heile tida ligg i bakhovudet. Johan Myking er instituttleiar ved LLE. Han har teke hendinga svært alvorleg. I etterkant skreiv han saman med administrasjonssjef Siri Fredrikson eit brev til Eigendomsavdelinga der dei orienterte om kva som hadde skjedd då dei skulle halde fest i Knut Fægris hus. – Alltid ein risiko – Rusmisbrukarane trekte opp på trappa for å søkje ly mot regnet. Vi kan aldri gardere oss mot at det regnar i Bergen, så ein veit ikkje når dette vil skje igjen. Han understrekar at korkje han eller nokon på instituttet ynskjer å vise antisosiale haldningar. – Dette er ein situasjon som høgare institusjonar enn UiB må ta tak i, seier Johan Myking. – Mest belasta – Det er litt begrensa kva vi kan gjere. Ved Knut Fægris hus har vi fått sett opp høge gjerder rundt villaen. Kvar morgon går driftsfolk på plassen og kostar og spyler. Vi har ikkje helgeberedskap, så kvar måndag ser det ekstra ille ut på trappa og i området utanfor, seier Even Berge til På Høyden. – Studentar som har kollokvier ved borda på Studentsenteret har også fortalt at dei har sett narkomane sitte og stikke sprøyter i armen, rett på den andre sidan av kafévindauget. Berge fortel at problem med rusmiljø også er merkbare på andre delar av Nygårdshøyden. – Vi har sett at det har vorte meir trafikk i Villaveien etter at Strax-huset opna på Damsgård. Og vi registrerer at det også er et rusmiljø på framsida av HF-bygget som kan være litt krevande for folk som skal inn i bygget på kveldstid, seier Even Berge til På Høyden. – Vi har Securitasvakter som går rundt. Dei har myndigheit til å vise personar vekk frå vår eigendom. Men dei skal ikkje gripe inn i andre situasjonar, det skal politiet ta seg av. – Trist Berge understrekar at han har medkjensle med rusmisbrukarane i parken, og ynskjer at dei skal få eit betre tilbod. – Dette er triste skjebnar. Åpen rusing med sprøyter, samt forsøpling, urinering og ekskrement er uheldig for alle som nyttar området på Nygårdshøyden. Opne hus på UiB
Ein av dei inviterte gjestane, Ivar Utne, hadde hatt undervisning, og kom difor ein time etter at festen hadde starta. Han vart møtt av fleire rusmisbrukarar som hadde funne ly for regnet på trappa utanfor villaen.
Etter at arrangementet var over rydda dei UiB-tilsette i villaen. Då han skulle kaste papir, stakk ein av dei tilsette seg på ei sprøyte som låg i papirbosset. Han oppsøkte legevakta, der han vart testa for HIV, hepatitt B og C. Han veit enno ikkje om han vart smitta då han stakk seg på nåla. Dei første blodprøvene har vore negative, men grunna lang inkubasjonstid må den UiB-tilsette mannen vente til over nyttår før han kan ta ei blodprøve som gjev det endelege resultatet
– Vi må nesten vurdere om vi kan bruke villaen til våre tilstellingar når vi ser at det kan vere ein risiko for slike hendingar. Det vert kviafullt å bruke villaen når ein ikkje kan føle seg trygg på at gjestane kan kome og gå trygt, seier instituttleiar Johan Myking til På Høyden.
Han fortel at blant gjestane var det òg mange pensjonistar og eldre. Desse skal ikkje ha merka noko til det som gjekk føre seg utanfor.
Even Berge er avdelingsdirektør ved Eigendomsavdelinga på UiB. Han fortel at området innerst i Villaveien, ved Knut Fægris hus og SiB sine lokale er ekstra belasta. Knut Fægris hus ligg ved sidan av SiB sitt hus i Villaveien 10. På Høyden skreiv forrige veke at administredande direktør i SiB, Egil Pedersen, ofte må koste vekk sprøyter og anna blodig avfall før dei tilsette kjem på arbeid.
For om lag ein månad sidan vart UiB og SiB inviterte eit møte med Bergen Kommune der også representantar frå politiet var til stades. Der ba Berge om at politiet skulle verte meir aktive med å vise vekk dei som har ei uønska åtferd.
– Vi vil i utgangspunktet ha opne og tilgjengelege hus. Men vi ser at vi har vorte nøydde til å stenge husa innvendig. Til dømes har vi låst toaletta på Studentsenteret, hvis ikkje hadde det vorte byens største sprøyterom, seier Berge.