Slik fekk Norge sin eigen Riviera

Sørlandet har ikkje alltid vore einstydande med sommar, sol og strandliv. – Biletet av Sørlandet som heile Norges ferieparadis vart skapt i nokre få hektiske år rundt 1930, seier Dag Hundstad.

Eg meiner avhandlinga viser at måtar å framstille ein region og eit folk på som ein tek for gitt, faktisk er situerte og skapte, seier Dag Hundstad. (Foto: Ida Bergstrøm)

Vestlandet er astrupske gardstun, pietisme og ville fjordar. Nord-Norge er torsketunger og værbitte menn som ror fiske. Men på Sørlandet, der er det alltid solgangsbris i skjærgården og makrell på grillen.

Slik har ein ikkje alltid sett på Sørlandet.

– Vellukka kampanje
– Biletet av Sørlandet som heile Norges ferieparadis vart skapt i nokre få hektiske år rundt 1930, seier Dag Hundstad.  I dag disputerer han med avhandlinga «Sørlandet – fra terra incognita til sommerferieland. Fire historiske analyser av regionalitet og regionalisme».

– At Sørlandet så sterkt vert forbunde med sommaren et er resultatet av ein storstilt kampanje, seier Dag Hundstad.

Kvar skulle solstripa starte?
Først var ein ikkje samd om kva som skulle vere Sørlandet. I dei sørlegaste fylka var det semje om at ein ville ha jernbane. Og alle ønskte å trekke turistar til landsdelen. Men der slutta det også.

– I starten var Telemark og Rogaland også med. Men i 1925 gjorde Rogaland fylkesting eit vedtak om at dei ikkje var ein del av Sørlandet, seier Dag Hundstad.

– Turismen var samlande. I mellomkrigstida vaks det fram ei turistnæring.  Og etableringa av Sørlandet som eit feriemål vart resultatet av ei svært vellukka merkevarebygging.

Jet-set og idyll
– Forfattaren Vilhelm Krag var den første som lanserte omgrepet Sørlandet. Gabriel Scott skreiv mange bøker frå Sørlandet. Her omtala han folkeslaget som levde på kyststripa som blide, milde solskinsfilosofar. Dette braut med den tidlegare folkelege oppfatninga om egdene som radikale, driftige og djerve, seier Hundstad.

Forfattarane skildra den idylliske rivieraen. Kunstnarane malte det behagelege livet i dei små kystbyane.

– Kunstnarane og dei skjønnlitterære forfattarane la til rette for desse framstillingane. Saman med reiselivsreklamen vart det dynamitt, seier Dag Hundstad.  

I Oslo vart det halde store folkemøter om korleis ein kunne nyte den nyvunne ferien mellom kvite hus og blått hav. Promoteringa av det blide Sørlandet fall saman med ein annan viktig trend i tida: Ideen om at ein av helsemessige årsaker skulle reise ut av byen og til sjøen for å sole seg på stranda, kvile ut og bade i sjøen.

På byrjinga av 30-talet var Fevik staden å vere dersom ein var rik, vakker og ville feriere med dei berømte. Boksestjerna Otto von Porat ferierte her. Forfattaren Arnulf Øverland let seg intervjue om det gode ferielivet på Sørlandet.

Sørlandske symbol
Biletet av strandnelliken, småkrabbane i fjæra og flygande terner er også med på å utgjere postkortversjonen av Sørlandet.

– Nokre Sørlandske ledemotiv og har vekse fram. Solgangsbris, makrell og bryggedans har blitt einstydande med regionen. Sørlandet har fått eit fast, avgrensa symbolrepertoar, seier Dag Hundstad.

Det er likevel ingen grunn til å tru at krabben snakkar med blaute konsonantar.

– Krabbar finst langs heile kysten, det same gjer strandnelliken. Og det største førekomsten av terner finn ein faktisk i Nord-Norge, seier Dag Hundstad.

Ingen shorts i Grimstad
I arbeidet med avhandlinga har Dag Hundstad gått gjennom gamle aviser og tidsskrift. Han har også sett på arkivmateriale frå Sørlandslaget og Sørlandforeningen.

Her kunne han lese at den nye strandkulturen var litt framand for norske turistar. Det var ei utbreidd oppfatning om at badetøy for menn var litt feminint, så nokre menn valte heller å gå nakne. I sørlandske aviser vart det også diskutert om kvinner i det heile tatt kunne gå med shorts.

– Ei avis i Grimstad kunne rapportere at «Den såkalte shorts ennå ikke er observert i Grimstad», seier Hundstad.

Hundstad har vore tilknytt Universitetet i Bergen sitt tverrfakultære satsningsområde «Region og regionalisering». Målsetjinga med avhandlinga er at den også skal vere eit bidrag til å forstå korleis konfliktlinjer i landsdelen har utvikla seg.

– Det var sterke krefter i Kristiansand spesielt som ønskte å bygge ein regional identitet.  Dette vart møtt med skepsis frå Arendal, som er den nest største byen på Sørlandet.  

Også utflytta sørlendingar i Oslo, organisert i Sørlandslaget, var med og bygge identiteten til regionen.

– Dei fann noko å samle seg om. Dette er eit døme på at identitet ofte vert forma i diaspora, seier Dag Hundstad.


 

 

Powered by Labrador CMS