Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Universitetet i Oslo kan få eit nytt signalbygg når Kulturhistorisk museum skal byggjast ut. Dette er vinnaren av arkitektkonkurransen.
Mens det kulturhistoriske miljøet ved Universitetsmuseet i Bergen berre såvidt har kome i gang med å leggje planar for å fornye Historisk museum, ligg dei nokre år foran i Oslo. Vikingtidsmuseet på Bygdøy i Oslo blei bygd i 1913. Nøyaktig hundre år etter, i 2103, blei avgjerda tatt om å dele samlingane til Kulturhistorisk museum mellom vikingtidssamlingane på Bygdøy, resten av Kulturhistorisk museum på Tullinløkka og magasin på Økern.
Statsbygg inviterte i september 2015 til plan- og designkonkurranse for eit nytt vikingtidsmuseum. Ikkje ulikt Historisk museum i Bergen, der hovudbygget er freda, skal det gamle Vikingskipshuset på Bygdøy takast med i ei ny, heilskapleg løysing. Det kom inn heile 111 forslag til løysing, som du kan sjå her.
I dag blei vinnarane presentert:
1. plass: <<Naust>> AART Architects
2. plass: <<Vikingtida på ny>>, JAJA Architects/Coast Studio (anlegget er underjordisk, i form av haugar bak det eksisterande bygget)
3. plass: <<Favn>>, Arkitekturfabrikken.