Slik legg du inn informasjon om hendingar

Enkel brukarmanual:

Alle er velkomne til å sende inn nyheiter om hendingar som seminar, møter og debattar til På Høyden. Slik gjer du det.

Vi legg gjerne ut nyhende om hendingar ved Universitetet i Bergen og i randsona. Her er oppskrifta:

1. «Legg til hendelse»
Eit lite stykke nede til høgre på framsida til På Høyden finn du knappen «LEGG TIL HENDELSE». Trykk på denne.

2. Fyll ut skjemaet med informasjon om hendinga.
Kvar skal det vere? Når? Kvifor er dette vel verdt å få med seg? Skriv kort, og lenk vidare til meir informasjon om hendinga. 

 

Powered by Labrador CMS