Slo NTNU

Publisert

Unified in Blood vart Noregs beste lag då programmerarar frå Nordvest-Europa samla seg i Nederland. Det betyr at bergenslaget slo hovudkonkurrentane frå Trondheim.

– Dei sa sjølve at målet var å slå NTNU, seier Markus Sortland Dregi.

Han er stipendiat i informatikk og trenar UiB sine lag i programmering. I oktober vann Simen Lilleeng, Marco Poletti og Tobias Sørensen Urhaug NM i programmering. I slutten av november var dei med på den nordvesteuropeiske finalen i Nederland. Unified in Blood enda som nummer 24 i konkurransen, der meir enn 70 lag deltok.

– Det er eit stykke opp til toppen. Men det er godt gjort å verta beste norske lag, seier Sortland Dregi.

Vanskelegare oppgåver
Eit tysk lag gjekk heilt til topps. Med unntak av eit nederlandsk lag på andre plass, er dei ni øvste plassane heilt dominert av Tyskalnd og Storbritannia.

– Opplegget var likt som i den norske finalen: Ein skal løysa flest mogleg oppgåver i løpet av fem timar. Men oppgåvene ein fekk her, var vesentleg vanskelegare. Deltakarane er det beste eller kanskje dei to beste laga frå universiteta i Nordvest-Europa, seier Sortland Dregi.

Ein får mellom åtte og tolv oppgåver ein skal løysa. Då På Høyden snakka med Unified in Blood etter NM-sigeren, hadde dei oppskrifta klar: Ein som er god i matematikk, ein som er god i algoritmar og ein som er ein flink programmerar. Dei var òg samde om at dersom det er ei oppgåve ein ser at ein ikkje vil klara å løysa, er det berre å legga ho vekk med ein gong.

Det same skjedde i Nederland.

– Dei hadde nok klart å løysa alle oppgåvene dersom dei hadde hatt betre tid. Men sidan ein ikkje får poeng dersom ein leverer eit svar som er feil, er det like greitt å legga for vanskelege oppgåver vekk, meiner Sortland Dregi.

Simen Lilleeng, Marco Poletti og Tobias Sørensen Urhaug vart beste norske lag i den nordvesteuropeiske programmeringsfinalen i Nederland. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

Snap Overflow nr 41
Lengre sør i Europa har ein ein lang tradisjon med olympiadar på dei vidaregåande skulane. Sortland Dregi meiner det er noko av grunnen til at dei er så flinke.

– Laga frå til dømes Tyskland trenar nok vesentleg meir enn dei norske laga. Men no har me fått i gang informatikk-OL i Noreg òg. Det handlar om å finna talenta tidleg – sjølv om ein òg kan verta god om ein byrjar med programmering seinare, seier Sortland Dregi.

UiB stilte med to lag i Nederland. Snap Overflow enda på 41.plass, som nummer fire av seks norske lag.

– Det var eit godt resultat for dei. Med på dette laget er to førsteårsstudentar, seier Sortland Dregi.

Han fortel at det er NM neste år som er det neste store målet for programmerarane, men at ein i mellomtida vil prøva å vera med i fleire andre konkurransar.

Powered by Labrador CMS