Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Lønslippen på papir tilhøyrer snart fortida. Universitetet er i desse dagar i ferd med å modernisere løns- og personalsystemet. I første omgang vert lønssystemet skifta ut. Septemberlønna vert køyrt på det gamle systemet, og oktoberlønna kjem på det nye. – Dette vert synleg på den måten at det ikkje vert køyrt variabel løn mellom 12. september og 9. oktober, sier økonomidirektør Kjell Bernstrøm. Det vil seie at for dei som leverer reiserekningar no, vert dei ikkje utbetalt før i oktober.
Lønslippen på papir tilhøyrer snart fortida. Universitetet er i desse dagar i ferd med å modernisere løns- og personalsystemet. I første omgang vert lønssystemet skifta ut. Septemberlønna vert køyrt på det gamle systemet, og oktoberlønna kjem på det nye. – Dette vert synleg på den måten at det ikkje vert køyrt variabel løn mellom 12. september og 9. oktober, sier økonomidirektør Kjell Bernstrøm. Det vil seie at for dei som leverer reiserekningar no, vert dei ikkje utbetalt før i oktober. Etterkvart vert det nye løns- og personalsystemet bygd ut med web-løysingar for fakultet og insitutt. Då vil kvar tilsett ha høve til å sjå sine eigne mapper og leggje inn elektroniske reiserekningar. Og lønsslippen vert miljøvenleg, den kjem elektronisk.