Små dragar

Publisert

Eit møte i kantina vart til eit stort prosjekt. Laurdag spelar Dragefjellets musikkorps verk komponiststudentane ved Griegakademiet har skrive.

Sonya Dudaeva og Rebecka Ahvenniemi studerer kvart sitt store partitur med konsentrert mine. Dragefjellets Musikkorps (Dragen) har nettopp spelt «Gioco di Aria», komponert av Ahvenniemi. Dirigent: Sofya Dudaeva.

Dei to kvinnene er ein del av Griegakademiet sitt prosjekt «Miniatyrer med Dragen». Fem komponiststudentar har skrive kvart sitt verk – fem studentar som tek vidareutdanning i ensembleleiing korps dirigerer.

– Me har ikkje lov å gjera fleire endringar no, men eg kunne eigentleg tenkt meg det, seier Ahvenniemi.

Tysdag kveld var nemleg siste øving med korpset. Laurdag kan alle som er interesserte høyra den nye musikken i Korskirken.

– Som å adoptera vekk barn
– Det er sunt å høyra sin eigen musikk, meiner Emil Børø.

– Eg gler meg til klangen i Korskirken – den vert heilt annleis enn i øvingslokalet. Men eg er nervøs. Eg plar verta det når eg skal spela sjølv, men eg trudde eg skulle sleppa det no, smiler Anders Torgunrud Røshol.

– Musikken vert så personleg. Eg må halda meg litt fast i stolen når eg høyrer min eigen musikk. Nokon har samanlikna det å gi frå seg musikk med å adoptera vekk eit barn, humrar Webjørn Sæther.

Det er ikkje noko nytt at studentane ved Griegakademiet har prosjekt. Men eit prosjekt som dette, med eitt tett trekantsamarbeid mellom to studentgrupper og eit amatørkorps, har ikkje vore gjennomført før.

– Me har hatt mykje kontakt med Dragen opp gjennom åra, og har snakka om eit slikt prosjekt. Det vart konkret i fjor haust. Eg og Harald Eikaas, som då både var ansvarleg for kurset i ensembleleiing ved Griegakademiet og musikalsk ansvarleg hos Dragen, snakka saman ein dag me sat i kantina. No har det vore fire temmeleg intense veker, seier Morten Eide Pedersen og smiler.

Han er universitetslektor og underviser i samtidsmusikk og komposisjon.

– Treng ikkje høyrast ut som korps
18. desember var første øving. Deretter gjekk komponiststudentane heim og gjorde ein del endringar før neste øving 8. januar.

– Ein kan driva på lenge med kvart stykke, seier Sæther.

– Og ja, det har nok hendt at eg har tenkt at «nja, det der funka visst ikkje heilt». Så går ein heim og endrar.

Eit janitsjarkorps har mange ulike instrumentgrupper.

– Eg synest det er spanande at det er så heterogent. Det er mange klangar i eit korps – og det treng ikkje høyrast ut som korps, seier Ahvenniemi.

Ho seier at ho ser på kvart prosjekt som ein fase.

– Dersom ein ikkje gjer det, får ein aldri gjort noko, seier ho.

– Dersom ein berre skriv ting ein veit fungerer, utviklar ein seg ikkje. Det er kjipare å ta store sjansar dersom ein skulle få ei stor bestilling, seier Torgunrud Røshol.

Børø ser for seg at han vil halda fram med å skriva musikk for korps.

– Det er mest praktisk når ein bur i Bergen, seier han.

Vidareutdanning
Prosjektet er òg eit prosjekt for dirigentstudentane. Torgunrud Røshol seier at han har valt å skriva tre kortare skisser, og òg tenkt på at det skal vera variasjon for dirigenten.

Sonya Dudaeva skal dirigera Rebecka Ahvienniemi sitt verk.

– Eg kjenner henne så godt etterkvart, og me kan utfordra kvarandre og stilla spørsmål. Samstundes vil eg jo ikkje skada det kunstneriske, seier Dudaeva og smiler.

Ho er ferdig med både mastergrad og pedagogikk, og tek no vidareutdanning i ensembleleiing.

– Eg tek alt eg kan ta ved Griegakademiet, smiler 27-åringen, som òg spelar fløyte i Dragen når ho ikkje dirigerer dei.

Fredrik Schjelderup dirigerer Dragefjellets Musikkorps. Komponist Anders Torgunrud Røshol følgjer interessert med bak dirigenten. Schjelderup har òg komponert eit verk – men det får han ikkje dirigera sjølv. Alle foto: Hilde Kristin Strand

Tre satsar
Korpsmusikantane er på plass etter poause. Dei er amatørar, men likevel svært flinke, og har vunne elitedivisjon i NM for janitsjarkorps fleire gonger.

– Det er eit høgt nivå på musikaarne, så me har ikkje måtta ta så mykje omsyn som me måtte gjort dersom me skulle skrive for eit korps i til dømes andre eller tredjedivisjon. Samstundes er jo cluet å skriva det vanskelege på ein enkel måte, seier Sæther.

Fredrick Schjelderup tek plass på dirigentpodiet. Dei fem dirigentane har fått ein halvtime kvar. Anders Torgunrud Røshol sit på ein stol bak Schjelderup, med partituret på fanget. Han har komponert tre satsar. Den første er rask.

– Denne spelte de bedre sist, seier Schjeldrup og slår av.

– Me byrjar i takt 10.

Eide Pedersen og Halldis Rønning, som underviser i ensembleleiing, følgjer med frå sidelinja.

– Ein har mange konkrete prosjekt på Griegakademiet, og ein må levera. Det er nemleg nokon som ventar – og då må ein må levera godt nok. Men godt nok, kva er det, spør Eide Pedersen.

– Det er skrekkblanda fryd knytta til dette. Det vert ei nådelaus bevisstgjering. Og det vert på mange måtar som ein spurt – og når ein er ferdig med den, skal ein i gang med neste prosjekt. Men det er ein bra læringsprosess.

Halldis Rønning evaluerer saman med komponist Rebecka Ahvenniemi og dirigent Sofya Dudaeva.

 

 

 

 

Små dragar

Verka:

Emil Børø: «Dec. 21, 2012». Dir. Marius Thorstensen

Anders Torgunrød Røshol: «Tre små stykker for korps». Dir. Fredrick Schjelderup

Webjørn Sæther: «Talk». Dir. Oddvar Nøstdal

Rebecka Ahvenniemi:  «Gioco di Aria». Dir. Sofya Dudaeva

Fredrick Schjelderup: «Theme work». Dir. Torstein Sollien

 

Powered by Labrador CMS