Smertelindring reduserer åtferdsproblem

Publisert

Smertestillande medisinar som paracet kan redusere åtferdsproblem hjå demenspasientar, viser ny forskning fra UiB.

80 prosent av alle sjukeheimspasientar er demente. Blant desse har meir enn 60 prosent nevropsykiatriske åtferdsproblem som agitasjon, aggresjon og depresjonar. No viser ein studie nyleg publisert i British Medical Journal at smertestillande medikament som paracetamol reduserer åtferdsproblem hjå pasientane. Bettina Husebø, ein av forskarane bak studien og postdoktor ved Institutt for samfunnsmedisinske fag, meiner at resultata av studien bør få konsekvensar for medisineringa av sjukeheimspasientar.

– I dag vert mange demente med åtferdsproblem ofte behandla med anti-psykotiske medisinar over lang tid. Mange av desse medisinane har farlege biverknader. Ein bør prøve smertestillande først, seier ho.

– Må vurderast individuelt
Husebø meiner at det er etisk betenkeleg å dope ned demente pasientar gjennom bruk av anti-psykotiske medikament. I ein tidlegare studie har Clive Ballard, professor ved King’s College i London og ein av forskarane bak dei nye forskingsresultata, vist at pasientar som får psykofarmaka døyr dobbelt så raskt som andre. Resultata førte til ein gjennomgang av behandlinga av demente ved sjukeheimar i Storbritannia.

– Det er ikkje problematisk å gje psykofarmaka til demente i korte periodar. Problemet er at pasientane ofte står på desse medisinane over lenger tid. Smertestillande har færre biverknader og blir gjeve i kortare periodar, seier ho.

Demente mister språk, minne og forventningar til smerte og kan uttrykkje seg gjennom uro og sinne. Forskarar har lenge hatt mistanke om ein samanheng mellom ubehandla smerte og åtferdsproblem. Tidlegare forsking på bruk av smertestillande har likevel ikkje klart å vise ein så klar samanheng som den nye studien frå norske og britiske forskarar no gjer.

Husebø understrekar at tilhøva generelt sett er gode ved norske sjukeheimar og at pasientane får kompetent pleie av fagleg oppdaterte og engasjerte pleiarar. Mellom anna peikar ho på at fagforeiningane har jobba godt for å sikre bruk av faglærte. Likevel meiner ho at den nye studien viser kor viktig det er med individuell vurdering og behandling.

– Målet er ikkje at alle demente pleiepasientar skal få smertestillande i bøtter og spann. Mange eldre har kroniske smerter, og det er vanskeleg å medisinere bort all smerta. Poenget er at kvar enkelt pasient sitt smerteproblem og sjukedomsbilete må vurderast individuelt og at det skal vere supplement til aktivitetar, seier Husebø.

Auka kunnskap gjev betre pleie
I studien følgte forskarane 352 demente pasientar med åtferdsproblem ved 60 ulike sjukeheimsavdelingar. Forskarane fann ei markant betring hjå dei pasientane som fekk smertestillande medisinar i intervensjonsgruppa, mellom anna paracet eller morfin. Men også dei som ikkje vart behandla hadde ein positiv effekt av å vere med i studien. Ved dei sjukeheimane som deltok fekk pleiepersonalet undervising av forskarane, og deltakinga gav ein direkte gevinst gjennom eit auka kunnskapsnivå.

–Eit høgare kunnskapsnivå gjev betre pleie og betre pasientar. Mitt håp for framtida er at flest mogleg sjukeheimar kan delta i forskingsprosjekt, seier Husebø.

Husebø har lang erfaring både som forskar og som lege ved ein sjukeheim. Ho meiner at forskarar har eit spesielt ansvar for å sikre kvaliteten på tilbodet i helsetenesta.

– Vi kan ikkje berre presentere forskingsresultat og seie oss ferdige med jobben. Mykje av forskinga er praktisk anvendt, og implementering må også vere ein del av forskarane si oppgåve, seier ho.  

Håper på meir interesse
Ho håper at universiteta i større grad får auga opp for primærhelsetenesta og at både medisinarar, odontologar og studentar frå farmasi og ernæring kan få praksis på sjukeheimar. I møtet med sjukeheimspasientar håper ho at interessa for geriatri og eldremedisin kan bli vekt.

– I media høyrer vi stort sett dei hjarteskjærande historiene. Dei er sanne og slikt burde aldri ha skjedd. Likevel skulle eg ønske at det var ei meir positiv merksemd retta mot eldreomsorga. Kven ønskjer vel å jobbe i ei bedrift som berre får negativ publisitet, spør ho.

Sjølv har ho mykje positivt å seie om eldreomsorga i Noreg og moglegheitene for forsking innan feltet.

– Noreg og Skandinavia generelt ligg langt framme på feltet og har hatt eit positivt fokus på sjukeheimsmedisin. Planane om eit senter for sjukeheimsforsking ved UiB er også eit steg nærare etter positive signal i statsbudsjettet, seier ho.

Powered by Labrador CMS