Snarvegen til kunnskap

Publisert

Frå måndag 2. mai er det slutt på å rote seg vekk i vrimmelen av fagleg informasjon på nettet. Bibliotekportalen skal gjere det enkelt for deg å finne relevant litteratur.

Bibliotekportalen gjev felles tilgang til dei elektroniske ressursane Universitetsbiblioteket kan tilby: Elektroniske tidsskrift og bøker, oppslagsverk, litteraturdatabasar, emneportalar, bibliotekkatalogar som Bibsys, og fulltekstdatabasar som BORA. Universitetsbiblioteka i Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø samarbeider om prosjektet, og lanserer sine respektive portalar same dag.

– Vi trur faktisk at dette vil vere revolusjonerande for folk som strevar med å finne fram i jungelen av faginformasjon, seier UB-direktør Kari Garnes.

– Kvart av dei fire biblioteka abonnerer på seks-sju tusen elektroniske tidsskrift. I tillegg har kvart av dei mange tusen unike elektroniske kjelder, ulike databasar, og eigen produksjon av elektroniske samlingar. Hos oss har vi til dømes den digitale biletsamlinga og Bergen Open Research Archive, BORA, fortel ho.

Open for alle

Portalen gjev eit samla, faginndelt oversyn over kvalitetssikra ressursar som er relevante i studie- og forskingssamanheng.

– Grensesnittet i portalen tilbyr ein søkefunksjon som søker på tvers av ressursar, men ein kan også gjere eit utval og søke i dei mest fagleg relevante ressursane, seier førstebibliotekar Hege Folkestad, som er lokal prosjektleiar for implementering av portalen.

Portalen er i utgangspunktet open for alle. Men UiB abonnerer på ein del tilgangsavgrensa ressursar, og for å få tilgang til desse, må ein vere logga på med ein UiB-tilknytta brukar-ID, eller bruke dei maskinene som står på biblioteket.

– Bibliotekportalen gjev graderte moglegheiter: Ein kan søke i førehandsdefinerte sett av ressursar, men ein kan også lage eigne favoritt-lister og bygge opp ”Mitt bibliotek” utifrå eigne faginteresser. Samstundes finn ein lenker til originalgrensesnitta til einskilde ressursar. Mange databasar har til dømes eigne funksjonar som ikkje kan integrerast direkte i Bibliotekportalen, forklarer Folkestad.


Google finn ikkje alt

Veksten i vitskapleg kunnskap er i dag enorm. Samstundes er mykje av denne kunnskapen utilgjengeleg ved eit vanleg søk på nettet, til dømes fordi informasjonen ligg i databasar som krev betaling og registrering før ein kan få tilgang. Eit søk på Google skil heller ikkje mellom kvalitetssikra og ikkje-kvalitetssikra informasjon. Bibliotekportalen søker på tvers av ulike dataformat og søkeprotokollar.

– Om ein ønskjer det, kan ein også bli varsla når det kjem nye dokument på nettet innan det fagfeltet ein er interessert i, opplyser Folkestad.

Programvaren som ligg i botnen for portalsystemet, er levert av det internasjonale selskapet Ex Libris gjennom Bibliotekenes IT-senter. Universitetet i Oslo vil stå for den nasjonale drifta.

– Leverandøren vil ta seg av oppdateringar, slik at frå no av vil vi vere meir oppdaterte enn før, seier Folkestad.


Vil gje opplæring

I arbeidet med portalen er det teke omsyn til røynsler frå andre land som har liknande verktøy, men samstundes vil portalen måtta gå seg til, og vil bli justert etter kvart som ein får tilbakemeldingar frå brukarane. Studentar vil få opplæring i bruk av portalen i samband med den etablerte bibliotekopplæringa, men målet er å få informasjon om portalen inn i vanleg undervising.

– Vi er spente! Mange har vore involverte, og vi har brukt mykje ressursar på å få alt på plass og å legge inn element i portalen. Men det er først etter opninga, når studentar og forskarar har teke dette i bruk, at vil vi få vite kor vellukka verktøyet er, seier Garnes.

Opninga av Bibliotekportalen skjer måndag 2. mai klokka 13 i auditoriet i første etasje i Stein Rokkans hus, Nygårdsgt. 5.

Powered by Labrador CMS