I denne laben som har plass til 32 deltakarar føregår dei ulike eksperimenta. Masterstudentane Ane Jodahl (t.v.), Britt Kristine Ludvigsen og Johanne Vaagland er mellom dei som har delteke. Masterstudentar kan også bruka laben til forsking.

Søker fleire deltakarar til Medborgarlaben

Publisert

I dag er det offisiell opning av Medborgarlaben ved UiB. I laben får forskarar folk til å delta i ulike eksperiment, som å prøva å tena pengar for å måla risikovilje.

– Ein kan også bli bedt om å lesa og vurdera nyheiter, flytta på gule og røde brikker, eller svara på spørsmål om korleis ein relaterer seg til andre menneske. Det kan bli vist filmsnuttar ein må ta stilling til, det kjem heilt an på forskingsprosjektet. Me vil forstå kva som påverkar avgjerda til folk, seier professor i statsvitskap Elisabeth Ivarsflaten. 

I 2012 starta ho opp Medborgarpanelet ved UiB, som er ei internettbasert undersøking om nordmenn sine haldningar til ulike samfunnsspørsmål.

Ved hjelp av ei tildeling på 20 millionar kroner frå Bergens forskningsstiftelse (BFS) i januar vart Kjernefasilitet for digital samfunnsvitskap ved UiB, DIGSSCORE (Digital social science core fasility) etablert. 

Det er eit forskingskonsortium kor fleire institusjonar deltar. DIGSSCORE har no etablert ein computerlab – Medborgarlaben, kor forskarar frå ulike disiplinar kan halda ulike eksperiment.

Får snakka med folk
– Gjennom laben kan ein kvalitetssikra og utvikla Medborgarpanelet. Me finn ut kva me kan spørja om, me kan sjå kor vanskeleg det er å svara på ting, og me kan sjå når folk sluttar å svara. Ein kan forska seg fram til desse tinga, og bli meir innovative i spørsmåla som me sender ut til panelet, seier Ivarsflaten.

Tid er dyrebar for folk, og me vil prøva å finna ut korleis me kan utnytta den best mogleg

I laben møtest og samarbeider mellom anna økonomar, psykologar, statsvitarar, lingvistar og medievitarar. 

– Dette fører økonomar og psykologar som har drive med lab-forsking lenge, saman med dei som har drive mest med forsking basert på spørjeundersøkingar. I det krysspunktet finst det mykje læring. Dei som har drive lab-basert kan i Medborgerpanelet få eit meir heterogent og representativt utval, dei har kanskje studert ein for snever populasjon tidlegare. Ein kan samarbeida meir, og læra av kvarande. Tid er dyrebar for folk, og me vil prøva å finna ut korleis me kan utnytta den best mogleg.

I dei fleste samfunnsvitskaplege disiplinar er bruk av eksperiment blitt meir vanleg, og årsaka er digitalisering, fortel Ivarsflaten.

– Det gjer det lettare å randomisera, og å gje nokon ein type spørsmål og stimuli, medan andre får ein anna type. Då får ein meir informasjon ut av spørjeundersøkingar enn ein gjorde før. Digitaliseringa har endra samfunnet, og også forskinga.

– Dette er den største infrastrukturen i sitt slag i Noreg, og er med på å synleggjera miljøet internasjonalt. Me merker allereie eit stort trykk frå enkeltforskarar og institusjonar i andre land, seier professor Elisabeth Ivarsflaten.

Skal få måleutstyr
Det er så vidt kome i gong eksperiment i den nye laben, men det er behov for fleire deltakarar. Studentar og tilsette ved UiB er svært velkomne til å bli med, ifølge Ivarsflaten.

– I starten kan det henda at det blir flest studentar, no er me mest opptekne av å koma i gong. Men på sikt vil me vera meir opptekne av representativitet. Alle kan melda seg på, så lenge dei er over 18 år. Det er heilt frivillig og anonymt, og om ein ønsker kan ein avbryta eksperimentet utan å oppgje grunn.

Les også: Hva skjer når flyktningene kommer?

Etter kvart vil ein også få måleutstyr på laben som kan måla puls, og ei slags badehette som kan sjå kva slag delar av hjernen som er stimulert når ein utfører ei handling. Eksperimenta tar vanlegvis mellom 30 minutt og ein time, og det vil stå i invitasjonen kva eksperimentet handlar om. 

– Den første lab-regelen me har er: «Ikkje lyg til deltakaren». Ein kan vera sikker på at det ikkje er noko tull. Viss det står at du kan koma til å tena pengar, eller få ein premie, så kan du det, seier Ivarsflaten.

Online bookingsystem
– Kven kan nytta seg av laben til forskingsføremål?

– Me prøver å få på plass eit online bookingsystem, kor ein kan reservera tid i laben. Fast vitskapelege tilsette ved UiB kan reservera tid, medan doktorgradsstipendiatar, masterstudentar og postdoktorar må ha godkjenning frå ein vegleiar for å bruka laben. 

Det er ikkje gratis å drifta laben, og ein jobbar med å få på plass ei brukarbetalingsordning.

– No i innkøyringsfasen blir laben drifta med midlar frå BFS og UiB. Deretter vil me fasa inn ein brukarbetalingsmodell, kor laben gradvis skal finansiera seg sjølv, gjennom at brukarane søker om prosjektmidlar til å nytta fasilitetane.

– Potensialet for at dette blir bra, er stort. No er det opptil oss forskarar å nytta denne eineståande moglegheita, avsluttar Ivarsflaten. 

Viss du ønsker å bli deltakar i Medborgarlaben kan du melda deg på her.

Norsk medborgerpanel

  • Ei internettbasert undersøking om nordmenn sine haldningar om viktige samfunnstema.
  • Panelet vert drive av samfunnsforskarar ved Universitetet i Bergen, Uni Research Rokkansenteret og Institutt for samfunnsforskning og vert utelukkande nytta til forskingsformål.
  • Deltakarane representerer eit tverrsnitt av det norske folket, som nokon få gonger i året vert inviterte til å seia si meining i viktige spørsmål om norsk samfunn og politikk.

DIGSSCORE

  • Universitetet i Bergen, UniResearch Rokkansenteret og forskingsgruppa The Choice Lab ved Norges Handelshøyskole er partnarar i prosjektet.
  • Totalbudsjettet er på 53,8 millionar kroner.
  • Bergen Forskningsstiftelse støttar prosjektet med 20 millionar kroner.
  • Samansett av Medborgerpanelet og Medborgerlaben.
Powered by Labrador CMS