Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Bergens Tidende inviterer «skribenter, naturtalent, yngre akademikere, hovedfags- og mastergradsstudenter» til konkurranse om kven som kan skrive den beste kronikken. Prosjektet blir sparka i gang med eit kronikkseminar laurdag 29. mars.
Kronikkseminaret går over fire timar laurdag føremiddag. Mellom anna skal sjefredaktør Einar Hålien snakke om kva ambisjonar BT har når dei vel denne satsinga på kronikken. Professor Ole Didrik Lærum skal halde innlegg om «korleis lokke forskarane ut?», og førsteamanuensis Jo Bech-Karlsen skal drøfte kven som skriv kva for kven, eit skråblikk på kronikkprofilen til BT og andre store norske aviser.
Avisa lovar pengepremiar til den som går av med sigeren i kronikkonkurransen, som har frist for innlevering 12. mai. Konkurransen er retta mot nasjonale universitets- og høgskulemiljø, og deltakarane må ikkje vere over 35 år.