– Som å vinna ein Oscar

Publisert

HF sin studiekvalitetspris Spurveugleprisen går i år til Prisme-studiet. Prisvinnar Kari Tenfjord var svært glad – men òg vemodig.

Prisme har sidan 1999 vore eit nettstudium i norsk som andrespråk for lærarar. Tilbakemeldingane har vore svært gode, og fredag kunne professor Kari Tenfjord ta imot prisen saman med Liv Helga Dommasnes. Ho er enka etter Jon Erik Hagen, som døydde i vår.

– Det er sjeldan eg gratulerer med større innlevelse og glede. Me kan heidra ein fagmann, pedagog og studentvenn, sa Toril Eikaas Eide frå Senter for etter-og vidareutdanning (SEVU) i si helsing.

Støtte frå Norgesuniversitetet
Jon Erik Hagen greip tak i utfordringa med norsk som andrespråk på 1980-talet, og frå tidleg på 1990-talet jobba han saman med Kari Tenfjord. Dei utvikla det som skulle verta UiB sitt første reine nettstudium.

– Det var fakultetet som først tok initiativ til eit studium. Med ei bølgje av innvandarar og flyktningar var det eit enormt behov for eit slikt studium, seier Tennfjord.

Studiet kom i gang ved hjelp av økonomisk støtte frå Norgesuniversitetet (den gongen Sentralorganet for fjernundervisning på universitets- og høgskolenivå). I 2010 gjekk Vox (Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk) inn med midlar til ei oppdatering av Prisme. Det er òg Vox som har gjennomført evalueringane av studiet.

Ville ha demokratisk løysing
Studiet er lagt opp i syklusar på 14 dagar med eit tema for kvar syklus. I byrjinga vart det spelt inn både filmar og laga lydfiler av forelesingar, men no skjer undervisninga via samtale på nettet mellom studentar og forelesarar, i tillegg til at studentane leverer oppgåver.

– Det var ein stor debatt om me skulle bruka nettet, eller om me skulle ha eit opplegg «på gamlemåten» med samlingar. Jon Erik og eg sa at det var udemokratisk, for korleis skulle ein lærar frå Finnmark kunne følgja samlingar i Bergen, spør Tenfjord.

Ho seier at ho er glad for at dei to ikkje høyrde på argumentet om at «lærarar kan ikkje EDB».

– Det hende jo at eg, som har sett det heile utanfrå, var litt kritisk til all tida mannen min brukte på å sitja og diskutera med studentane, gjerne til langt på natt. Svaret hans var alltid at han hadde glede av det, og vart inspirert av det. Det er veldig flott at arbeidet vert verdsett på denne måten, seier Dommastein.

Tenfjord seier at SEVU ved Eikaas Eide har vore viktig for Prisme.

– Ho har vore adminsitrativ prosjektleiar og ein viktig pedagogisk samtalepartnar. I lengre periodar har ho òg vore ansvarleg for studieadminsitrasjonen og annan adminsitrativ studentstøtte.

Hagenianarar
– Som å vinna ein Oscar, eg trur eg er like glad som Meryl Streep, sa Tenfjord då ho takka for prisen.

– Det har vore mange involvert, og eg vil takka alle. Jon Erik var ein svært godt likt forelesar, og det finst mange «hagenianarar» blant dei tidlegare studentane hans.

Prisen er på 25000 kroner. Pengane skal brukast til noko fagleg, og ifølgje Tenfjord ser det ut til at dei på ein eller annan måte kjem til å verta brukt i prosjektet «grammatikkens plass i undervisninga». Det var nettopp grammatikken som var Hagen si hovudinteresse.

Positive tilbakemeldingar
Spurveugleprisen er HF sin pris, og ved å få den, er ein òg nominert til UiB sin uglepris. Johan Myking, som er leiar for Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studium, kunne opplysa at spurveugla er den minste av ugleartane – og finst ikkje på Vestlandet.

– Instituttet er stolte og glade for å få denne prisen, og me har prøvd å tråkla og sy for å finna midlar til prosjektet. Me kan ikkje lata vera å vidareføra det, sa Myking.

Prisen vart delt ut av dekan Gjert Kristoffersen. I si helsing til prisvinnarane la han vekt på dei positive tilbakemeldingane Prisme får i studentevalueringane.

– Prisme har vore eit nasjonalt løft der fagfolk med ulik spisskompetanse frå både UiO, NTNU, Høgskolen i Hedmark og i Bergen har teke del. Tilbakemeldingane er at dette er eit grundig og godt opplegg, sa Kristoffersen.

Fotfeste i forskinga
Tenfjord seier at studieopplegget er sett saman av mellom anna grammatikk og fonologi, men òg teori om korleis ein skal læra vekk språk til nokon som har eit anna morsmål.

Etterkvart har fleire tilsette teke del i prosjektet, og no underviser mellom andre stipendiat Marte Nordanger  på Prisme som ein del av doktorgradsarbeidet sitt. Ho hadde Hagen som rettleiar då ho tok master, og skulle òg hatt han som rettleiar no.

– Eg trur at ein kan seia at dersom ein ikkje hadde hatt fast fotfeste i forskinga hadde det ikkje vorte noko av dette opplegget. Forsking og utdanning må gå hand i hand, meiner Dommasnes.

Kari Tenfjord (til venstre), her saman med Liv Helga Dommasnes, er stolt over å få prisen. Foto: Hilde Kristin Strand

Powered by Labrador CMS