Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Søndag hadde professor Frank Aarebrot fylt 72 år. Slik gjekk det ikkje, han døydde i september 2017. Men på det som var Aarebrot sin fødselsdag arrangerer Universitetet i Bergen Aarebrot-førelesinga.
— Me skal minnast og feira Aarebrot. Han var ein fantastisk formidlar, og førelesinga er ein hyllest til den munlege formidlinga og førelesingstradisjonen.
Det seier prorektor Margareth Hagen.
Det er jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde som skal halda årets førelesing. Tema er tusen år med rettshistorie på 200 minutt. Sunde skal trekka linjer frå mellomalderen, via Magnus Lagabøtes lover og deretter til riksrettssak mot Donald Trump og NAV-skandalen, kjem det fram i ei pressemelding.
Men formidlinga skal vera slik at alle kan forstå. Hagen legg vekt på at Aarebrot-førelesinga skal legga vekt på den munnlege formidlinga.
— Me er så digitale og tek berre imot fragment, seier ho.
— Er det mange nok i Noreg som er så gode formidlarar at dei kan halda ei slik lang, førelesing?
— Det trur eg det er. Men me kunne gjerne hatt fleire.
Professor Bernt Hagtvet hadde den første Aarebrot-førelesinga hausten 2018.
Arrangementet går føre seg i universitetsaulaen. Men i staden for at professor Sunde skal stå på podiet og sjå ned på publikum som sit pent og pynteleg på rad og rekke, skal han stå på ei scene midt i rommet.
— Dette skal vera ei førelesing for alle. Me skal ha inn sofaer publikum kan sitja i, det vert puter i trappa opp til scena, og det vert bar. Me håpar på uformell stemning, seier Andrea Magugliani.
Han er tilsett hos kommunikasjonsavdelinga ved UiB, og har ansvar for arrangementet.
Studentane bidreg òg, både gjennom å flytta gamle, mjuke møblar, og gjennom at studentteateret Immaturus og koret Sirenene vil ha innslag under arrangementet.
— Eg vart kjempeglad då eg fekk spørsmålet. Det er ei stor ære, seier Sunde. Det sa Jørn Øyrehagen Sunde då det vart kjent at det er han som skal halda årets Aarebrot-førelesing.
— Eg førelas saman med Aarebrot ein gong, og eg har stor respekt for han. Mange prøver å anten underhalda eller vera strengt saklege når dei skal førelesa, men Aarebrot skapte eit rammeverk der dei som høyrde på kunne nytta sin eigen kunnskap, sa Sunde.
Han sa òg at han er redd for at 200 minutt er hundre minutt for lite.
På scena stiller han utan manus.
— Eg er dyslektikar og har lært meg teknikkar for å hugsa. Og meir enn å bruka mykje tid på å skriva ned det eg skal seia, brukar eg mykje tid på å tenkja. Eg tenkjer på føredrag eg skal halda til dømes når eg går til fjells eller når eg vaskar opp. Og eg har vore gjennom Aarebrot-førelesinga fleire gonger allereie, sa han i fjor haust.
— Kven er målgruppa for føredraget?
— Eg snakkar heilt likt om eg er i eit lokalt historielag eller i vitskapsakademiet. Det same gjorde Aarebrot. Eg prøver å vera nyansert og inkluderande, slik at ein treng berre vera allment interessert for å kunne forstå, sa Sunde.
Magugliani fortel at det så langt er over 1 600 personar som har trykt på «interessert» under Facebook-arrangementet. Inne er det plass til 220 sidan aulaen er rigga på ein annan måte enn vanleg. Det er førstemann til mølla, men dei som ikkje får plass inni sjølve salen treng ikkje fortvila: Føredraget vert strøyma og vist på storskjerm både i Café Christie og i forhandlingsrommet.
— Førelesinga er same helg som Bergen markerer starten på 950-årsjubileet. Allereie fredag skal me ha eit vorspiel i Café Christie med tema mellomalderen, fortel Magugliani.
Der vil Jørn Øyrehagen Sunde saman med Alt Tore Hommedal, som er førsteamanuensis ved Universitetsmuseet, fortelja om korleis livet i Bergen arta seg i mellomalderen.