Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Den eldste medlemmen vår fyller 92 år i år, og har vore med sidan slutten av førtitalet, meir eller mindre utan pausar. Det er eit tydeleg mønster at dei som sluttar, dei sluttar fort. Held ein ut det første året, då blir ein i Studentersangforeningen.
Det seier formann, Halvor H. Sverkeli. Klokka åtte har alle teke oppstilling på korkrakkane, og dirigent Tore Johannessen set i gang med oppvarminga. Eit femtitals mannfolk lagar vrinskelydar med leppene. Når juni kjem, skal koret på tur til Turku i Finland, som er vert for årets Hansadagar. Der skal koret representere både UiB og hansabyen Bergen. Studentersangforeningen har lang tradisjon for å reise på nordiske songarstemne og andre kulturmøte.
Dei er kva ein må kalle vaksne menn, karane som samlast til musikalsk kompaniskap i Kalfarvegen kvar onsdag. Men energien er det ingenting å seie på.
Studentersangforeningen er UiB sitt offisielle representasjonskor, og opptrer med jamne mellomrom på UiB-arrangement – som velkomstseremonien for dei nye studentane i Grieghallen kvar haust. Nett no er dei mest opptekne av å arrangere Akademisk Kortreff i Bergen rett over påske. Dette er eit arrangement med lang historie, og blir skipa til kvart tredje år. Ni kor har meldt seg i år, og det blir både gallamiddag og songarkro i tillegg til ein stor felleskonsert i Grieghallen.
– Her har vi også invitert studentkora Arme Riddere, Sirenene og Blandede Akademikere, og dei har sagt ja til å vere med på arrangementet, seier formannen, som vedgår at Studentersangforeningen ikkje har ambisjonar om å konkurrere med studentkora om medlemmane.
– Sjølv om studentar sjølvsagt er hjarteleg velkomne til å vere med hos oss, har vi innsett at vi ikkje kjem til å bli noko studentkor. Vi er nok meir for dei som er ferdig utdanna og som framleis vil ha kontakt med det akademiske kormiljøet, der vi er sterke tradisjonsberarar.
Meir øving trengst
– Dette er berre pusteøvingar, altså. Vi syng ikkje slik, forsikrar ein av songarane medan dirigenten ikkje høyrer.
Elles er ikkje Johannessen hundre prosent nøgd med innsatsen på det nye stykket som skal øvast inn.
– Eg trur eg høyrte éin bass på den nedgangen! Skal ikkje nemne namn – kanskje det var to. Det er jo femogtjue mann på kvar stemme her, men det høyrest ikkje slik ut! seier han, og set koret i gang på nytt.
Blir ein livsstil
– Det blir ein livsstil etter kvart, vedgår andrebass Endre Wærness.
– Eg tok til som aktiv student og fekk mellom anna med meg eit songartreff i Århus. Men så hadde eg ein pause på om lag ti år, medan eg budde andre stader i landet, før eg kom attende og slo meg ned her og var klar til å ta opp kormedlemskapen på nytt. Det er eit mønster som finst hos mange av medlemmane våre.
Neste veke blir det ekstraordinær øving, fordi den vanlege øvingsdagen skal brukast til det månadlege langbordet. Då blir øvingsrommet dekt med eingongsbestikk og papirdukar, og konsertprogrammet blir bytta ut med ”Helan går” og store mengder Bellmann-songar. Arrangementskomiteen er fritekne frå øvinga i dag, og nyttar i staden tida til å diskutere kor mykje mat som må kjøpast inn.
– Vi vil kombinere det musikalske med å ha det kjekt, og ein kan involvere seg akkurat så mykje ein ønskjer, seier formann Sverkeli.
– Det einaste formelle opptakskravet er at ein må ha studiekompetanse. Vi er jo eit akademisk kor, trass i alt. Men sjølv om vi er mange, har vi alltid plass til fleire!