Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Noregs mest berømte antropolog, professor emeritus Fredrik Barth, døydde natt til søndag.
Professor emeritus Fredrik Barth døydde heime natt til søndag, 87 år gamal. Det får NTB opplyst frå Universitetet i Oslo, skriv Uniforum.
Barth var tilsett ved Universitetet i Oslo frå 1974, som styrar for Etnografisk museum og professor i etnografi. Men før han kom til UiO bygde Barth opp faget sosialantropologi ved Universitetet i Bergen. Barth kom til UiB ved hjelp av eit stipend frå dåverande Bergen privatbank i 1961. Då hadde han allereie studert både i USA og England og vore ute i felten, mellom anna i Kurdistan.
- Barth var ein av Noreg sine mest anerkjende akademikarar internasjonalt og hans bidrag var avgjerende for etableringa og utviklinga av moderne sosialantropologi ved Universitetet i Bergen og i Noreg, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen i ei pressemelding.
Barth var no professor emeritus både ved UiB, UiO og Harvard. Han var på feltstudiar i mellom anna Iran, Irak, Butan, Oman og Pakistan. Barth var gidt med Unin Wikan, professor i sosialantropologi ved UiO.
Fredrik Barth vart æresdoktor ved UiB i 2008. Her saman med dåverande rektor Sigmund GRønmo og dåverande universietsdirektør Kari Tove Elvbakken. Arkivfoto: Bjørn Erik Larsen