Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Då sosiologiprofessor Atle Møen var stipendiat, kunne han ikkje sitja saman med resten av fagmiljøet. I dag skryt han av tilrettelegginga for rullestolbrukarar hos UiB.
Med ein spake plassert på høgre sida av rullestolen kan Atle Møen enkelt opna døra inn til kontoret. Den same spaken opnar døra ut til gangbrua over til nabobygga. Så kan han rulla over til kollegane på sampol og admorg.
– Med universell utforming vert det betre tilgjengelegheit for alle. Dette har vorte eit flott kompleks, seier Møen om dei tre bygga i Rosenbergsgate og Christies gate.
Mykje har endra seg sidan sosiologiprofessoren begynte på vidaregåande skule på slutten av 1970-talet, og deretter vart UiB-student i 1981.
– Tidlegare var det jo heilt vanleg at ein snakka om å løfta rullestolen inn. Det var eigentleg ubehageleg. På gymnaset var eg avhengig av medelevane mine sin nåde kvar einaste dag. Kjemirommet var til dømes i tredje etasje, og dit kom eg ikkje utan hjelp, seier Møen.
Måtte løftast til podiet
Då Møen kom til UiB, hadde han på førehand vorte kontakta av Ove Njøs. Han var primus motor for å gjera universitetet tilgjengeleg for funksjonshemma. Men då professoren var ung stipendiat, kunne han ikkje sitja saman med resten av fagmiljøet. Lokala i Hans Holmboes gate kom han rett og slett ikkje inn i med rullestol.
– Deretter flytta fagmiljøet til det nye SV-bygget i Fosswinkels gate. Det er godt tilrettelagt. Men det er eit minus at heisen ikkje går heilt opp til møterommet i 9. etasje, meiner Møen.
Han har vore med på at han og rullestolen har måtte løftast ned på podiet for at han skulle kunne ha førelesing, og han har vore med på at det måtte lagast ein provisorisk rampe for at han skulle koma seg inn i bygg.
Men i dag er situasjonen heilt annleis, seier han. No er eigedomsavdelinga i gang med eit stort prosjekt, der universell utforming i dei aller fleste UiB-bygga vert kartlagt.
– Universell utforming betyr at bygget skal vera tilpassa alle. Og det gjeld ikkje berre oss som nyttar rullestol, men òg synshemma og hørselshemma. Å få på plass teleslynge er til dømes viktig, seier Møen.
Han er vara til likestillingskomiteen og verneombod ved instiuttet. Då ser han mellom anna til at den einskilde tilsette får den tilpassinga han eller ho treng. Det kjem i tillegg til universell utforming.
– Er dørstokkar eller dører verst når ein sit i rullestol?
– Dørstokkar er stort sett ikkje noko problem, tunge eller smale dører er verre. Og så er det ofte slik at døropnarar er plassert så høgt oppe på veggen at det er vanskeleg å nå dei når ein sit i rullestol.
Skryt av ny heis
Mange av bygga UiB eig er verna eller freda. Det gjer at arbeidet med universell utforming ikkje alltid er like lett. Men Møen har nokre døme han vil trekkja fram som svært gode.
– På Muséplass har det mellom anna kome ein heis på utsida av bygget. Det er eit fantastisk flott arbeid som fortener mykje ros, seier Møen.
Han trekkjer òg fram rampen ved Sydneshaugen skole.
– Den har gjort bygget finare.
Men nettopp fordi mange bygg har vernestatus eller er svært gamle, kjem det neppe heis overalt. Og sjølv om kravet i nybygg er at ein skal ha handikap-toalett i kvar etasje, vil eigedomsavdelinga truleg heller satsa på å få minst eitt toalett i bygget skikkeleg tilgjengeleg, har seksjonsleiar Ove Botnevik tidlegare sagt til På Høyden.
Det er Møen heilt samd i.
– Ein har krava på den eine sida – og så har ein realiteten på den andre. Det er mykje betre med noko tilrettelegging enn med inga tilrettelegging.