Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I ei ny utstilling på Bergen Museum kan du lære både om dei fysiologiske og om dei mystiske og mytiske sidene ved søvn og draum.
– Det er noko fritt over folk som søv. Dei er modige der dei ligg, seier Anne Jorunn Sæten og viser fram eit bilete av ein mann som søv på ein parkbenk i Paris. Ho står bak utstillinga ”Kunsten å sove” som opna tirsdag 2.november. På ”Kunsten å sove” er tekstar om søvn, søvnstadier og søvnsjukdommar spent opp på dyner. Vi ser ei rekke store fotografi av sovande barn og vaksne. I bakgrunnen høyrest snorkelydar. Så går snorkelydane over i behagelege pianotonar. Sæten er samfunnsvitar og designar og har fått støtte frå Innovasjon Norge og Bergen Kommune for å drive med forskingsformidling. Til utstillinga har ho fått hjelp av UiB-forskarar frå ei rekke fagmiljø til å skildre søvn og draum både som fysiologisk fenomen og kulturelt fenomen. Psykologane Ståle Pallesen, UiB og spesialist i psykologi ved Bjørgvin distriktspsykiatriske senter, Kristin Johannesen har bidratt med sin kunnskap om søvn.
– Og sjå på dei her, seier Sæten og peikar på eit fotografi av to sovande menn i eit husvære. Biletet er frå i Kambodsja.
– Rett før eg tok biletet dreiv den eine å klippa håret på han andre. Då eg kom att litt seinare hadde begge to sovna. Det har nok mykje med varmen å gjere at folk i denne delen av verda legg seg ned og søv nærast kor som helst, men det fascinerer meg at dei har så avslappa tilhøve til det å sove.
Alle menneske søv og alle drøymer. På utstillinga blir vi vist at søvnen og draumen kan vere både god og vond.
Mareritt
Komponist og pianist Helge Lilletvedt har laga musikk særskilt for utstillinga. I eit dunkelt lite rom i det eine hjørnet av utstillinga visest ein videofilm. Filmregissør Pål Øye, mellom anna kjend for spelefilmen ”Villmark” har laga filmen, som er lagt opp som ein marerittaktig draumesekvens. TV-apparatet er plassert i ei seng med eit uhyggeleg preg.
Viktigheita av søvn har lenge interessert Anne Jorunn Sæten.
– Sjølv er eg veldig glad i å sove og har vore oppteken av draumetyding. Eg byrja på eit tidspunkt å fotografere sovande menneske rundt om i verda, fortel Sæten.
Ho har fotografert menneske som søv mellom anna i Danmark, Noreg, Sør-Afrika, Frankrike og Kambodsja. Nokre av bileta er vist fram på utstillinga.
Lady Macbeth
Kunsthistorikar Gunnar Danbolt har mellom anna tolka maleriet Draum frå 1910 av Henri Julien Rousseau, medan litteraturvitar Ellen Mortensen blant mykje anna fortel om draum hjå både Shakespeares Lady Macbeth og Hamsuns Løyntnant Glahn. Ingvild Gilhus har skrive om søvn og draum frå eit religionsvitskapleg perspektiv.
Sæten er alt i gong med fleire utstillingar med forskingsformidling i fokus.
– Om nokon i forskingsmiljøa har ein idé dei treng hjelp til å realisere er det berre å ta kontakt, seier Anne Jorunn Sæten.