Søvnvanskar og hovudverk i Hjerneuken

Publisert

I veka 15.-19. mars er på nytt tid for å markere Hjerneuken. Då blir det mellom anna høve til å lære meir om hjernen på publikumsforelesingane som blir arrangerte på Haukeland Universitetssykehus.

I Hjerneuken arrangerer nevrologiske miljø over heile landet ulike publikumsretta arrangement. På Haukeland vil ein til dømes få høyre om søvn, hovudverk og hjernen sett frå innsida.

Professor Bjørn Bjorvatn ved Institutt for nevrologi skal snakke om korleis vi ser på søvn og kva ein kan gjere med søvnvanskar.

- Nokre har det veldig bra med nattesøvnen sin, medan andre har store problem. Eg kjem til å gå litt inn på ikkje-medikamentell behandling av søvnproblem, seier Bjorvatn.

Kor lenge og kor djupt vi søv, kjem an på fleire ulike faktorar, der vane og åtferd spelar ei stor rolle. Det er altså mogleg å gjere mykje med søvnproblem utan å bruke medikament. Eit problem med sovemedisinar er at pasientane ”lærer” at dei treng medisin for å få sove, og ikkje at søvnen er noko dei kan kontrollere sjølve. Ved å bruke læringspsykologiske prinsipp, kan likevel svært mange få eit betre søvnmønster utan bruk av medisinar.

Betre søvn utan medisin

Forskingsresultat viser at over 80 prosent får betre søvn, og fungerer betre på dagtid etter det som kallast strukturert ikkje-medikamentell behandling, skriv Bjørn Bjorvatn i ein artikkel på Lommelegen.no. For å betre søvnmønsteret vert søvnen registrert frå veke til veke i søvndagbøker. Bjorvatn gjev der ei oversikt over dei best dokumenterte behandlingsformene ved langvarige søvnvanskar.

Hjerneuken er først og fremst retta mot publikum, der målet er å auke interessa for, og forståinga av, hjernen og nervesystemet og dei sjukdommane som har samband med dette.

Powered by Labrador CMS