Spansk i 30 år

Publisert

I år er det 30 år sidan studentar ved UiB første gong fekk tilbod om å studere spansk. Og reint tilfeldigvis var den kjende latinamerikanske forfattaren Claribel Alegría på besøk og kunne kaste glans over markeringa.

– Opprinneleg var det ikkje meininga at UiB skulle tilby studium i spansk, seier amanuensis Jon Askeland ved Seksjon for spansk språk og latinamerikastudier.

– Men etter press frå studentane kom tilbodet likevel. Willy Rasmussen, som no arbeider ved NHH, sto for all undervising det første året. Etter eit år vart dei to tilsette, og studiet vart fort eit av dei mest populære ved fakultetet.

Markeringa av jubileet og besøket til Claribel Alegría fann stad i Knut Fægris hus onsdag 28. mai. Spanskseksjonen har kasta seg rundt og produsert eit hefte med omsetjingar av nokre av dikta hennar, som vart lesne opp på mottakinga. På spansk av diktaren sjølv, på norsk av omsetjarane. Musikk vart det også, sjølv om gitarane treivst dårleg i varmen i universitetet sin representasjonsvilla.

Elles gjekk samtalane stort sett på spansk ved dette høvet, som rimeleg kan vere.

– Spesielt etter at tilbodet ved UiB vart konsentrert om Latinamerika, vart studiet populært. Det skjedde også etter ønskje frå studentane, fortel Askeland.

No tek seksjonen del i eit utstrekt samarbeid med fleire land og institusjonar i Mellom-Amerika, og har også ein professor frå Costa Rica som ein konsekvens av universitetssamarbeidet.

– Her ved UiB er det Mellom-Amerika som er hovudinteressefeltet. Vi har sendt mange studentar dit og hatt masterstudentar derifrå, og har også teke del i eit NUFU-prosjekt om regional kultur og identitet i Mellom-Amerika.

I samband med universitetssamarbeidet held førsteamanuensis Alvaro Ramirez ved Institutt for medievitskap på med eit prosjekt som går ut på å lage portrettprogram med ulike latinamerikanske forfattarar. Eitt av dei første handlar om nettopp Claribel Alegría.

– Programma er først og fremst meint for undervising, men vi har også vore i kontakt med mellom anna eit spansk forlag som også driv fjernsyn, og dei har signalisert interesse for prosjektet. Vi gjer nokre opptak no når Alegría er på besøk, så kanskje blir hennar program det første som blir ferdig, trur Askeland.

Claribel Alegría er fødd i Nicaragua i 1924, og bur i dag i hovudstaden Managua. Ho blir rekna som ein av dei viktigaste nolevande forfattarane i Latinamerika, og no er ho på eit kort besøk i Norge mellom anna for å sjå nærare på dei norske røtene til ektemannen, Darwin Flakoll, som døydde i 1995. Forfedrane hans utvandra til USA frå Flatekvål i Eksingedalen. Dit går turen på Kristi himmelfartsdag.

Powered by Labrador CMS