Spansk på norsk frå UiB

Publisert

Romansk institutt ved UiB står bak dei første omfattande spanske grammatikkbøkene på norsk nokosinne.

Den aller første – ”Spansk lommegrammatikk”, utgitt på Gyldendal – er alt på plass i bokhandlane, og spansklærarar over heile landet gleder seg.

– Grammatikkbøkene som har blitt brukt er forelda og det har vore eit stort behov for ein moderne spansk grammatikk på norsk, seier førstelektor ved Seksjon for spansk og latinamerikastudier, Kari S. Salkjelsvik. Saman med universitetslektor Petr Pitloun har ho skrive den kjærkomne lommegrammatikken.

I september kjem ein spansk arbeidsgrammatikk på Cappelen retta mot elevar i den vidaregåande skulen. Forfattarar er stipendiat ved Romansk institutt, Eli-Marie Drange, og sensor Sidsel Friis.

På nyåret 2005 er så det mest omfattande grammatikkverket venta; Moderne spansk grammatikk på Fagbokforlaget, ført i pennen av førsteamanuensis Ana Beatriz Chiquito. Boka blir utgitt med stønad frå Lærebokutvalet og skal brukast som pensum ved Universitetet i Bergen (UiB).

Voldsom vekst

Spansk som språk og fag er i veldig vekst. Og grammatikksatsinga frå det aktive fagmiljøet Bergen kjem som eit resultat av dette, i følgje Chiquito, som har publisert ei rad lærebøker, særleg i USA.

– Tidlegare var ikkje forlaga i Noreg så interesserte – men no som behovet har blitt så stort, har dette endra seg. Det er bra at bøkene kjem no. Med kvalitetsreforma har studia blitt meir strukturerte og studentane har behov for betre verktøy.

Ved UiB knivar spansk språk og latinamerikastudiar med engelsk om å ha flest språkstudentar på lavare nivå. Medan det våren 1994 vart produsert 1740 studiepoeng ved seksjonen, var talet oppe i 5181 våren 2004, får På Høyden opplyst frå instituttet.

– Fenomenet er ikkje berre norsk. Særlig i USA, men også i Europa er det spanske språket i sterk vekst, seier Chiquito.


- Globalt perspektiv

Boka hennar er tilpassa lesarar utan formelle kunnskapar i grammatikk og legg i tillegg vekt på variasjonane i det spanske språket. Målgruppa er i hovudsak studentar på lavare grad og spansklærarar.

– Grammatikken har eit globalt perspektiv på det spanske språket. Det finst veldig mange variantar, og for å kunne snakke bra må ein vere medviten om forskjellane, seier Chiquito.

Også lommegrammatikken til Salkjelsvik og Pitloun fokuserer på ulikskapane mellom Latin-Amerika og Spania. Boka er primært retta mot nybegynnar i faget på universitet, men også elevar i vidaregåande skule og kanskje også ungdomsskule vil kunne bruke den, trur Salkjelsvik. Boka er skriven på eige initiativ og utan økonomisk stønad.

Powered by Labrador CMS