Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Forskingsrådet får førstkomande måndag dommen over arbeidet det gjer. Då legg konsulentselskapet Technopolis fram resultata frå evalueringa av rådet. Adm.dir. Arvid Hallén er svært spent.
Måndag 10. september klokka 12.00 presenterer det internasjonale selskapet Technopolis dei endelege resultata av evalueringa av Noregs forskingsråd. Det er første gongen sidan 2002 at Forskingsrådet blir evaluert, og også den gongen var det Technopolis som gjennomførte evalueringa. – Det er eit privilegium å bli kika i korta av folk som kan dette gamet, og som har utført liknande oppgåver i mange land, seier administrerande direktør Arvid Hallén i Forskingsrådet til Uniforum. Han har vore toppsjef sidan 2004, og sidan den førre evalueringa har Forskingsrådet sjølv stått bak rundt 90 evalueringar av dei fleste fagområde i Noreg, skriv UiOs uavhenige avis, Uniforum. – I ei god utvikling – Nei, eg føler me har vore inne i ei god utvikling sidan den førre evalueringa og gjort mange forbetringar. Men eg er sjølvsagt svært spent på analysen dei har gjort av arbeidet me har utført, seier Forskingsrådsdirektøren. Etter den førre evalueringa i 2002 blei Forskingsrådet omorganisert mellom anna for å kunna ta seg endå betre av oppgåvene for grunnforskinga og den innovasjonsretta forskinga. – Eg meiner den organiseringa har fungert godt og for to år sidan utvikla me den vidare, då me gjekk frå tre til fire fagdivisjonar. – Kan bli betre – Me må bli endå betre på internasjonalisering, og me arbeider for å styrkja kunnskapsgrunnlaget for forskingspolitikken, slik at satsingane våre kan bli endå meir treffsikre. – Og kva meiner de at de er gode på? – Tidlegare evalueringar har allereie slått fast at ordninga med etableringa av senter for framifrå forsking (SFF) var eit godt grep. Me har arbeidd for å få til godt samspel og dermed gevinstar av at me har eit breitt ansvar for Forskings-Noreg, og me har gjort mykje for å styrkja kunnskapsgrunnlaget i dei strategiske analysane før me set i gang nye forskingsprogram og forskingstiltak, seier Hallén.FRYKTAR IKKJE DOM: – Nei, eg føler me har vore inne i ei god utvikling sidan den førre evalueringa og gjort mange forbetringar, seier adm.dir. Arvid Hallén i Forskingsrådet tre dagar før den nye evalueringa blir presentert. Foto: Ola Sæther – Kvalitetskontroll – No får me også nye analysar av utviklinga av norsk forsking og korleis norsk forsking gjer det i høve til forsking i andre land. Det blir ein kvalitetskontroll av norsk forsking, understrekar han. Nokre universitetsrektorar har tatt til orde for at universiteta bør få meir ansvar for forskingspengane, medan Forskingsrådet må få redusert løyvingane sine tilsvarande. Både universiteta og høgskulane har kritisert Forskingsrådet for å vera for opptatt av forskingsprogramma og ikkje ta omsyn til den frie, nyfiknedrivne forskinga. – Har prioritert fri prosjektstøtte No ser han fram til å lesa evalueringsrapporten med dommen over Forskingsrådet. – Det eg håpar og trur, er at evalueringa gir eit godt grunnlag og vil vera interessant å lesa, slik at me kan henta rettleiing og inspirasjon frå innhaldet i rapporten. Då kan me utvikla Forskingsrådet til eit endå betre instrument for norsk forsking, trur han.
Hallén fryktar ikkje resultata av evalueringa.
– Kva kan Forskingsrådet bli betre på?
Evalueringa av Noregs forskingsråd blir samtidig også eit bilete på korleis det står til med norsk forsking på generelt grunnlag.
– Dei siste åra har me prioritert auka løyvingar til fri prosjektstøtte. Analysen i evalueringa vil vera med på å avgjera om me skal halda fram på den same måten som i dag. Det me så langt har diskutert, er om me skal satsa meir på å støtta yngre forskarar enn det me har gjort tidlegare, avslører han.