Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I neste veke får dei tilsette på Det medisinsk-odontologiske fakultetet (MOF) vite korleis «Framtidas fakultet» ser ut for arbeidsplassane. Rundt 100 administrativt tilsette er spente på kva jobben deira blir i framtida.
Måndag morgon blir den administrative strukturen for fakultet sendt ut til dei tilsette. Deretter er det allmøte for dei teknisk-administrativt tilsette, der strukturen blir nærare forklart. Seinare vil administrasjonssjefane ha møte med kvar tilsett, for å diskutere kva jobb dei ønsker seg i den nye strukturen.
Prosjektet «Framtidas fakultet» var igjen oppe i fakultetsstyret på MOF onsdag. Dekan Nina Langeland og fakultetsdirektør Nina Mevold har stor tru på prosjektet. Foto: Dag Hellesund Ikkje radikal – Det vil gjere det endå lettare å få til resultat innan forsking og utdanning, meiner fakultetsdirektør Nina Mevold. Heile omlegginga skjer på initiativ frå fakultetet og institutta sjølve. – Det er ikkje ei radikal endring, men vi skal ha litt færre institutt. Konklusjonen på den eksterne evalueringa vi fekk var at det var for mange leiarar, men for lite leiing, seier Mevold til På Høyden. Inkluderande Ho er sjølv administrativt tilsett, men sit òg i fakultetsstyret. – Prosessen har gått veldig fort. Eg tenkjer at det er like greit, men noko slikt vil folk ha ulike oppfatningar om, seier Oen. Omorganiseringa var seinast opp på fakultetsstyremøtet onsdag. Oen trur det kan vere bra med større administrative einingar, mellom anna fordi det blir lettare å bygge opp kompetanse hos dei administrativt tilsette. – Men nokre vil få litt meir kompliserte leiingstilhøve. Dei vil være tilsett på fakultetet, men ha mykje av arbeidsoppgåvene sine rundt på institutta. Kan byte jobb – Der kan vi og komme med ønsker. Det kan òg bli muleg for nokre å skifte jobb om dei vil det. Og vi har fått forsikringar om at alle kjem til å ha ein jobb vidare òg, seier Oen.
MOF har sia 2009 diskutert strategien og strukturen på fakultetet, og avgjorde i fjor at dei skulle redusere talet på institutt frå åtte til fem.
– Folk opplever prosessen veldig forskjellig. Nokre synast nok at dette er truande og litt skummelt, mens andre ser nye mulegheiter, eller at dei kan byte jobb, seier Randi May Oen.
Etter allmøtet måndag blir kvar tilsett ha samtale med administrasjonssjefane som er på institutta i dag.