Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I kjellaren i HF-bygget finst bøker som nesten ingen får sjå.
Inn ei dør. Deretter inn ei til. Undervegs har universitetsbibliotekar Bjørn Arvid Bagge tasta to ulike kodar. No skriv han både seg sjølv og gjesten inn i loggboka.
Me er i spesialsamlingane. Bak tjukke dører i kjellaren i HF-bygget finst dei aller eldste og mest verdfulle bøkene UiB har. Inn hit kjem ikkje kven som helst.
– Me har klimaanlegg med stabil temperatur og luftfuktigheit, slik at me unngår sopp og anna som kan skada bøkene. Spesialsamlingane sitt magasin er òg ei eiga branncelle, og her er det brannsløkkingsanlegg som løyser ut gass, ikkje vatn, forklarar Bagge.
Har ikkje plass
Men for å byrja i den andre enden: Ute i dei lange gangane. For visste du at ein kan gå tørrskodd frå Bibliotek for humaniora til HF-bygget?
Turen startar under biblioteket sitt boktårn, og held fram inn i det som vert kalla napoleonsgangen. Årsaka til det er at den lange gangen lenge var lagringsstad for litteratur om Napoleon og napoleonstida, og ymse gjenstandar frå same periode.
– Gangen vart bygd då HF-bygget kom. Då var biblioteket allereie bygd, med kjellar, seier Bagge.
Han er leiar for ein del av UB sine spesialsamlingar, nærare bestemt manuskript- og librarsamlinga. Her finst manuskriptsamlingar, diplom, kart, antikvariske boksamlingar og aviser. Men i gangen, og òg i det store kjellarrommet med reol på reol på reol, står rett og slett det ein ikkje har fått plass til oppe i dagen.
– Ein del av det som står på magasin, som me seier, er det ikkje plass til oppe. Andre ting har format som er ueigna for opne hyller, mellom anna vert det vanskeleg å få bøkene til å stå på rett måte, noko som gjer at dei kan verta øydelagde. Andre ting er for verdfullt eller i ein slik tilstand at me vil ha det på opne hyller, seier Bagge, og fortel at to ting avgjer om materialet ikkje kjem i dei opne samlingane: Anten er eksemplaret så gamalt og porøst at det lett kan verta øydelagt, eller så er eksemplaret så unikt eller av ein slik art at det er for verdfullt til å verta lånt ut på ordinært vis.
Enorme aviser
Bagge viser veg mellom hyllene. I napoleonsgangen står det på den eine sida no bøker ein ikkje heilt veit kva ein skal gjera med, som til dømes hobbybøker; mellom anna ei bok om ølbrygging. Biletbladet «Nå» står lagra i kassettar. På store hyller i HF-bygget sin kjellar finst andre trykksaker.
– Me har alle større norske aviser på mikrofilm fram til 2007. Tidlegare hadde me fysiske eksemplar av alle dei store vestlandsavisene, men det tok så mykje plass. Men framleis har me alle utgåver av BT og BA, seier Bagge.
Gula Tidend ligg i store permar. Men dei er langt frå så store som permane som rommar Bergens Annonce Tidende. Avissidene er nærare ein gongar ein meter. Gamle årgangar av Bergens Tidende er ikkje mykje mindre.
– Tenk viss nokon skulle låna fem årgangar av dette, humrar og pesar Bagge, medan han legg permane på plass.
– Kven er det som lånar slikt som dette?
– Det kan vera lokalhistorikarar, journalistar, forskarar, studentar, dei som driv med slektsgransking. Men dei skal ha ein god grunn før me gir frå oss originalmaterialet. Me prøver å laga digitale kopiar av så mykje som mogleg.
Takkar nei til noko
Så er me på veg inn i sjølve spesialsamlingane. Bagge humrar at journalistar eigentleg ikkje skal vera her.
Det finst godbitar på rekkje og rad: Gamle handkolorerte biblar, kart frå 1600-talet, ei stor samling med Dickens.
– Den eldste trykte boka me har er ein bibel frå 1476, trykt i Venezia, seier Bagge.
Mykje av det som finst i spesialsamlingane er materiale som vart samla inn av eller gitt til Bergens museum. Då innsamlinga starta på tidleg 1800-tal fanst det verken stats-, by-, eller fylkesarkiv.
– Det betyr at me har mange gamle ting, og mange rare ting, seier Bagge.
Framleis er det slik at enkeltpersonar vil donera boksamlingane sine til UB. Det finst heile samlingar frå no avdøde bergensarar. Nokre av dei sette som krav at samlinga skal stå samla, og òg vera merka med deira namn.
– Me treng ikkje meir enn eit eller to eksemplar av kvar bok. Så no har me nokon som går gjennom alt me får inn før me takkar ja til donasjonar, fortel Bagge.
Nokre ting vil ein gjerne ha. Skeivt arkiv høyrer heime ved UB, og får stadig inn meir materiale. I tillegg ønskjer biblioteket å samla inn faghistorisk materiale. Dei siste åra har dei fått inn mellom 200 og 300 hyllemeter, men vil gjerne ha meir.
Fisk og tvist
– Kjenner du at det luktar fisk?
Bagge har vist fram Aga-diplomet. Det er eit mellomalderbrev, knytt til eigedom. Her dreia det seg om ein eigedomstvist i Hardanger i 1293.
No går ferda vidare til motsett ende av rommet. Her finst materiale frå hanseatane på 1500-talet, og arkiv frå nordlandshandelen frå fleire norske verksemder noko seinare.
– Det luktar fisk. Eller, eg plar seia at det luktar pengar, seier Bagge, og viser dei sirleg førte listene som fortel kva varer som vart frakta til Nordland og kor mykje fisk som var byte.
– Mange av desse protokollane har vore lagra i sjøbuer eller i kjellarar, og har nok fått litt fuktskadar av det.
– Kor mykje er spesialsamlingane i bruk?
– Eigentleg altfor lite. Me prøver å få digitalisert materiale, og så legg me det ut på marcus, som er nettprotalen vår for spesialsamlingar. Me lånar av og til ut det eldste originalmateriale til forskarar, men dei skal ha ein rimeleg god grunn til å få det, seier Bagge.
– Samlinga er jo ein skatt. I dei gamle diploma finn ein namn på folk og ein får skildra eigedomsforhold som elles er vanskeleg å finna i anna historisk kjeldemateriale. Ved å sjå i dei gamle illustrerte biblane kan ein finna ut mykje om korleis folk kledde seg på 1500-talet, og gamle kart seier noko om både eit verdsbilete og om kva kunskap ein hadde om andre land allereie på denne tida.
Bagge kryssar ut i loggboka og viser veg gjennom bokhyllene opp til hovudetasjen.
– Eg hadde gått meg vill om eg var åleine her nede.
– Det sa eg òg. Men ein vert van til det. Eg har vore her sidan 1986, smiler Bagge.