Catharine Kølle: Holmen i Ulvik. Akvarell.

Spesialsnop: Vandringar med Catharine Kølle

Med pistol, papir og teiknesaker i sekken vandra Catharine Kølle frå eit kvitt lite hus på Holmen i Ulvik ut i verda og inn i historia.

Publisert

Unik i si samtid i første halvdel av 1800-talet som einsleg reisande kvinne og barrierebrytande kvinneleg individualist, dokumenterte Catharine livet og reisene gjennom 250 akvarellar og 1800 sider tekst, ein formidabel kulturhistorisk skatt bevart ved Spesialsamlingane og på Universitetsmuseet i Bergen.

Catharine Hermine Kølle blei født i 1788 på garden Snarøen i Bærum, der faren, Christian, dreiv gardsbruk og pensjonatskule for unge borgarskapsgutar. Christian Kølle selde garden i 1802, familien flytta i 1803 vestover og budde 4 år i Kopervik på Karmøy, før Christian og dei tre døtrene – Catharine, Helene og Ambrosia – flytta til garden Holmen i Ulvik i mai 1807. Om mora Elisabeth er kjeldematerialet påfallande taust, truleg fordi ho allereie i 1790-åra sleit med psykiske sjukdommar. Ho flytta ikkje med familien til Ulvik, men blei verande i Kopervik og seinare i Fusa som pleiepasient ut livet.

I skulemiljøet på Snarøen fekk Catharine undervisning og utdanning utover det vanlege for unge kvinner – i norsk og framandspråk, historie og geografi. Faren fortsette undervisninga av døtrene i Ulvik, der også evnerike bygdegutar fekk ekstra undervisning av Christian Kølle. Den avdanka teologen og skulemannen med dei tre døtrene blei fargerike innslag i fjordbygda Ulvik, og familien på Holmen inst i Ulvikpollen var saman med prestefamilien dei einaste embets- og borgarskapsfamiliane i bygda. Catharine teikna seinare «Kart over Gravens Prestegjeld med Ulvigs Sogn», der ho med utprega sans for standsskilnadar laga eigne karteikn for «Gaarder, der beboes af Fornemme», nemleg prestegarden og Holmen. Som sambygdingen Olav H. Hauge seinare skreiv, huset på Holmen «var onnorleis enn bygdahusi, frå ei onnor tid, eit hus frå eventyri».

Etter at Christian Kølle døydde i januar 1814 budde dei tre ugifte søstrene på Holmen resten av livet, levde av årleg livrente etter faren, inntekter frå garden og sal av broderte bringedukar til Hardangerbunadar. Men det rolege kvardagslivet i den isolerte fjordbygda var ikkje nok for Catharine, utferdstrongen blei for stor. I mai 1826 drog ho, 38 år gammal, med seglskute frå Bergen til København. Den uttalte årsaka til reisa var helseplagar, «brystplager», og ho oppsøkte lege i København, som m.a. gav Catharine råd om å dra på vandringar. Det blei starten på over 30 år med reiser og fotvandringar på kryss og tvers i Sør-Norge, i Danmark og Sverige, og to reiser gjennom Europa til Italia. Femten reiser er dokumenterte i dei bevarte reisedagbøkene.

Eit oppslag frå reisejournalen til Catharine Kølle, frå reisa til Stockholm i 1838.

Reisene

Å reisa i Norge i første halvdel av 1800-talet var ein strabasiøs affære, med få og dårleg utbygde vegar og skysstasjonar. Utgangspunktet i Ulvik gjorde ikkje strabasane mindre, ferdselsvegane ut av bygda var problematiske uansett årstid. Catharine blei med åra godt kjend med fjellovergangane i Sør-Norge, frå Dovre i nord til Hardangervidda og Haukelifjell i sør, på veg til Trondheim og Christiania, Stockholm, København eller Hamburg. Catharine dokumenterte vandringane med nitide notat i reisedagbøkene – m.a. frå turen til Trondheim i 1835, der ho noterte at ho totalt reiste 245 mil – 224 av dei til fots.

Reisepasset til Catharine Kølle frå Italia-reisa i 1841.

Den mest vidgjetne reisa til Catharine er Italia-turen i 1841. Ho drog frå Ulvik 5. april med skip til Hamburg, og med vandrestav og solide støvlar reiste ho sørover, dels til fots, dels med vogn og tog, via Berlin, Praha og Wien til Venezia. Heimover via Verona, Hamburg og København, med skip til Kristiansand, og vidare til fots heim til Ulvik 6. oktober. Ei dristig reise for ei einsleg kvinne i 1841, sjølv med pistol i sekken til vern mot laushundar og andre innpåslitne skapningar.

Den siste reisa gjorde Catharine som 70-åring i 1858, saman med søstera Helene. «1858 havde vi besluttet at reise noget utenlands», som det står i reisedagboka frå turen. Det lakoniske «noget utenlands» viste seg å vera ei tilnærma kopi av Italia-reisa frå 1841, men denne gongen reiste søstrene mesteparten av strekninga med tog – Catharine var nemleg kreftsjuk. Heime igjen etter den fire månadar lange reisa blei Catharine innlagd på sjukehus i Bergen, der ho døydde 27. august 1859.

Samlinga

Ved Spesialsamlingane er det bevart over 1800 sider med tekster, kladdar og notat etter Catharine. Mesteparten er reisenotat og reisedagbøker i sirleg men til dels knudrete handskrift, oppramsingar av topografiske detaljar og landskapsskildringar. Ho dokumenterte stader, bygder, landskap og kyrkjer, stort sett blotta for sterke kjensler eller tidstypisk romantisk patos. Berre unntaksvis skildra ho landskap eller bygder som vakre eller «hæslige» - som til dømes Lærdal, der Catharine meinte at «al Verdens Afskyeligheder ere samlede paa et Punkt». I tillegg til reiseskildringane er det bevart 23 brev, hundrevis av sider med avskrift frå bøker, tidsskrift og aviser, samt meteorologiske observasjonar.

Catharine Kølle: Ulvik. Foto: Svein Skare. Universitetsmuseet i Bergen.

Meir enn 250 akvarellar er bevarte etter Catharine Kølle ved Universitetsmuseet i Bergen, og ved Spesialsamlingane er det bevart ei rekke skisser som ho laga undervegs på reisene. Skissene blei utgangspunkt for akvarellane som ho måla i vinterhalvåret heime i Ulvik. I tillegg er det bevart handteikna kart og kartskisser, som ho brukte på reisene.

Catharine måla akvarellar frå ho var pur ung – dei eldste bevarte bileta er frå 1805 – og dei siste måla ho truleg i midten av 1850-åra. Motiva er i hovudsak landskap, bygningar, byer og bygder, samt mytologiske motiv. Ho måla akvarellane sine i det som var ei brytningstid i kunsthistoria, overgangen mellom klassisk og romantisk kunstforståing. Men Catharine blei aldri ein fullblods romantikar, ho malte innanfor det er kalla prospekt-sjangeren, styrt av faste og objektive konvensjonar og reglar i motivframstillinga, utan synlege subjektive kjensler. Catharine heldt seg trufast til den sjangeren ho lærde seg som ung, med høgt utvikla sans for finslepne detaljar måla og dokumenterte ho det ho såg framfor seg, ikkje det ho følte.

Eit utval av arkivmateriale etter Catharine Kølle.

Catharine Kølle braut dei fleste normene for korleis ei kvinne frå borgarskapet skulle oppføra seg, både gjennom livsstil, veremåte og klesdrakt, og gjennom den ustoppelege utferdstrongen. Samstundes var ho engasjert i å dela kunnskap og opplevingar med sambygdingane i Ulvik. Etter kyrkjetida på sundagar inviterte dei tre søstrene på Holmen til høgtlesing frå aviser og tidsskrift, og frå reisedagbøkene til Catharine, samt framsyning av dei fargesterke akvarellane.

Nettutstilling

I 2017 laga Spesialsamlingane, i samarbeid med Universitetsmuseet i Bergen, ei nettutstilling om Catharine Kølle. Denne utstillinga har no bokstaveleg talt fått bein å gå på; formidla på ei portabel storskjerm skal historia om Catharine ut på ei virtuell vandring i heimtraktene i Hardanger. I regi av Fylkesbiblioteket i Hordaland (snart Vestland) skal nettutstillinga i 2020 visast fram på fleire bibliotek i Hardanger, sjølvsagt med første stopp i Ulvik. Sirkelen er slutta, akvarellane og reisedagbøkene kjem heim att til Ulvik, og sambygdingane får igjen ta del i den eventyrlege historia om Catharine Kølle.

Nettutstillinga finn du her.

(Takk til Marianne Paasche og Knut Olav Aslaksen.)

Artikkelen er først publisert i museumsårboka i 2016.

Powered by Labrador CMS