Spør Frida om forsking

Publisert

I dag blir det nasjonale dokumentasjonssystemet Frida opna for registrering ved UiB. Systemet sikrar at alle dei fire universiteta rapporterer same type informasjon om forskinga si.

– Finansieringa av universiteta har endra seg, og forskarane må hente ein større del av forskingsmidla frå ulike konkurransebaserte arenaer. Det blir derfor stadig viktigere for universiteta å opptre som forskingsstrategiske aktørar. Gode forskningsstrategiar med legitimitet i forskarsamfunnet må då bygge på kunnskap om kva som blir produsert, og om kvaliteten på produksjonen, seier assisterande universitetsdirektør Sverre Spildo.

Frida er eit nasjonalt system, utvikla i samarbeid mellom dei fire universiteta. Ei viktig oppgåve er å levere forskingsdokumentasjon til UFD. Det skal også gje grunnlag for å hente ut rapportar, som årsmeldingsstatistikkar eller publikasjonslister for einskilde forskarar.

Gjer forskingsaktiviteten synleg

– Departementet har varsla at publisering frå og med 2006 skal gå inn som eitt av elementa i finansieringssystemet for universiteta. Dette set strenge krav til dokumentasjon, og det må vere mogleg å samanlikne data på tvers av institusjonane. Eit biprodukt av dette systemet blir ein søkbar oversikt over til dømes kven som arbeider med ulike område, opplyser Spildo.

– Dei gode forskingsmiljøa vil gjerne dokumentere at dei er gode. Frida skal vere eit brukarvenleg verktøy som gjer opplysingane lettare tilgjengeleg.

Sidan Frida skal synleggjere aktiviteten på dei ulike forskingsfelta, kan det også brukast som styringsverktøy. Einingane kan profilere gode forskingsmiljø og gå inn med målretta tiltak.

– Systemet er ope, slik at i prinsippet kan kven som helst gå inn utanfrå og sjå kva vi arbeider med ved UiB, seier seniorkonsulent ved Forskingsavdelinga, Jarle Rønhovd.


Enkelt å bruke

– Det skal vere enkelt for forskarane å registrere opplysingar i Frida. Ein del informasjon blir henta direkte frå kjelder som MEDLINE og ISI (Institute for Scientific Information), som det er inngått ein avtale med. Det sikrar kongruente opplysingar, og gjer det enkelt for brukaren. Det hjelper også på kvaliteten: I tidlegare system måtte til dømes forskarane sjølv legge inn namn på tidsskrift. Det førte til mange versjonar av same namn. No ligg det inne definerte lister over tidsskrift, som også inneheld opplysingar om slikt som referee-ordningar og liknande. Det sikrar at ein forskar i Tromsø blir registrert med dei same opplysingane som ein i Bergen, fortel han.

Sjølv om Frida altså er ope for registrering frå i dag, vil UiB følgje opp med informasjon og praktisk brukarrettleiing. Brukarane får tilgang til Frida gjennom det sentrale brukarregisteret SEBRA. På sikt er det også eit mål at Frida skal interagere med UiB sitt nye publiseringsarkiv BORA, der ein kan få tilgang til artiklar i fulltekst.

Powered by Labrador CMS